Vil du betale for bykøyring?

Lesarbrev frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal 13. november 2009.

Det var vinklinga Nrk valde på saka der Naturvernforbundet foreslår køprising. Akkurat som om vi kan velje. Dei som trur at det kan byggast firefeltsvegar inn til byane utan at nokon treng betale dei har vel truleg ikkje tenkt særleg nøye igjennom saka. Den løysinga må betalast av deg og meg anten i form av bompengar eller over skattesettelen.

Naturvernforbundet si løysing går ut på å stimulere til eit anna trafikkmønster slik at firefeltsvegane ikkje er nødvendige å bygge. Når det ikkje blir bygd nye, breie vegar blir det mindre som skal betalast. Normalt vil jo det vere gunstig for dei som brukar å måtte betale.

Sidan det viser seg at svært godt kollektivtilbod ikkje er nok til å få tilstrekkeleg endring i trafikkmønsteret kjem dette med køprisinga inn som del av løysing. Då får ein god finansiering av kollektivløysingane og bilbruken blir noko dyrare. Utan dette blir lovnaden om betre kollektivtrafikk berre festtalar, slik vi har sett det frå politikarane i årevis.

Når trafikkflyten blir betre både for dei som køyrer bil og dei som nytter seg av kollektivløysingar, er jo det ein god biverknad.

Når ein med ordninga også oppnår reduserte utslepp av CO2 som ein elles måtte ha kosta på å bli kvitt, kan det nok hende at Naturvernforbundet sitt forslag til løysing vil spare folk flest nokre kronar og ikkje auke utgiftene med å kome seg inn og ut av byen.

Løysinga er i grunnen temmeleg enkel, og det er vel einaste feilen med han. Om det hadde vore ei avansert løysing som hadde kosta mange pengar ville det ha vore lettare å få folk til å tru på løysinga. Men gjer eit forsøk i alle fall. Våre barn som skal arve kloden fortener det.

Spørsmålet blir då dette enkle: Vil du betale mindre for bykøyring og samtidig vere miljøvennleg?

Øystein Folden

leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Øystein Folden er leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. Han har telefon 91 81 25 42.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen