For stor gaupekvote i år også

Utspel om gaupekvota for 2015.

På sist rovviltnemndsmøte var gaupestatistikken for dei siste åra vist på veggen, og leiar i rovviltnemnda, Arne Braut, slo fast at nemnda hadde vore flinke til å forvalte gaupa ned på fastsett mål om yngling. Deretter vedtok nemnda ei kvote for jakta 2015 som er omtrent dobbelt så stor som ein kan rekne med å felle viss ein skal vedlikehalde ei gaupestamme som ligg på målsettinga og skal haldast der.

Det høyrer med at Miljøverndepartementet, sist Klima- og Miljødepartementet, dei siste tre åra har redusert kvota som nemnda har fastsett. Det er såleis departementet si styring som har ført til at gaupeførekomsten ligg på målsettinga. Departementet sine avgjerder desse tre åra skuldast klager mellom anna frå Naturvernforbundet, og kvotene har blitt omtrent slik Naturvernforbundet har bedt om i klagene. Departementet gikk rett nok noko lenger og fjerna reservekvota i alle fall ein av gongene.

Naturvernforbundet meiner at det også i år er nødvendig med ei anna innretning for gaupekvota. På Romsdalshalvøya må ein no rekne med at gaupa vil yngle bortimot årleg, og ein har dermed ikkje heimel lenger for kvotefri jakt. Så lenge målet blir nådd elles i fylket, aksepterer Naturvernforbundet ei kvote som er høgare enn jaktuttaka i den tida det var kvotefri jakt i dette området.

Sør-Trøndelag har vore under målsettinga i nokre år no. Det er nødvendig å restaurere gaupestamma i Sør-Trøndelag. I beiteprioriterte område som Oppdal, Rennebu og Røros er det framleis kvote, elles er det ikkje rom for det. Det var ein del tap i Agdenesområdet i sommar, men der er det alt skadefelt ei gaupe, så det er ingen grunn til at det skal fellast ytterlegare med gaupe i området.

I område med mål om gaupeyngling må beitenæringa innrette seg etter at det finst gaupe. Då vil ein både sjå gaupe og det kan vere noko tap av beitedyr. Dette for at ein i prioriterte beiteområde kan halde gaupebestanden på eit lågt nivå. Det er eit av hovudprinsippa i norsk rovviltforvaltning å innrette seg slik. Rovviltnemnda sitt opplegg med å strø kvota tynt utover alt motverkar denne soneringa, og rovviltsituasjonen blir mindre pårekneleg både for beitenæringa og gaupa. Dette må ein kome seg bort i frå. Naturvernforbundet ber difor om at det blir tatt i bruk nye verkemiddel slik at ein i større grad enn no får ynglingane i område med mål om yngling, spesielt i Nord-Trøndelag.