Ta vare på dyrkamarka i Stranda

Det er varsla oppstart av reguleringsplanarbeid for eigedomen Tuteg i Stranda kommune. Naturvernforbundet meiner det er viktig å ta vare på dyrkamark, også i bygdesentra.

Føremål med planen er å leggje til rette for oppføring av frittliggande småhus retta mot unge i etableringsfasen. Naturvernforbundet peikar i fråsegna si på at dyrka og dyrkbar jord er ein ikkjefornybar ressurs, same om jorda er i bruk eller ikkje. Viss den tida kjem at det ikkje er råd til å få tak i drivstoff til traktoren, vil dette vere mellom den beste jordbruksjorda som finst i området.

Naturvernforbundet ser det slik at fragmenteringa av jordbruksareala, slik at dei ofte blir liggande inneklemt mellom busetnad, nettopp skuldast ein bit for bit-politikk. Slik kan vi ikkje halde fram med å forvalte dyrka og dyrkbar jord. Følgjeleg må ein som minimum krevje at omdisponering av dyrkajord skjer på såpass overordna plan som i ein kommuneplansamanheng. Og då  med eit hovudperspektiv på jordvern, slik at vi opprettheld evna til å dyrke mat som vi treng for å leve også i Noreg.