Naturvernforbundet klagar på småkraftkonsesjonar i verna vassdrag i Volda

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har gitt konsesjon til utbygging av både Øygardselva og Laurdalselva i Bjørkedalen i Volda, til tross for sterke protestar frå Naturvernforbundet. No blir konsesjonane klaga inn til Olje- og energidepartementet. Naturvernforbundet er kritiske til at NVE overser store naturverdiar og det at kraftverka er føreslegne i det verna Stigedalsvassdraget.

I klagen fokuserer Naturvernforbundet først på Laurdalselva. Denne elva er unik i verdssamanheng ved at ho renn over olivingrunn, ein berggrunn som har fått mykje fokus dei siste to – tre åra. Sjølv om det har kome fram mykje ny kunnskap om olivinberggrunn og konsekvensane denne har for det som lever på han sidan utbyggarane søkte konsesjon i 2007, manglar det framleis mykje kunnskap, særleg om det området Laurdalselva renn i. Naturvernforbundet meiner reglane i § 8 (kunnskapsgrunnlag) i naturmangfoldloven krev at det blir gjort meir omfattande utgreiingar av konsekvensane av ei utbygging i Laurdalselva.

Naturvernforbundet er også kritiske til dimensjonane på utbyggingane, både i Laurdalselva og Øygardselva. Sjølv om det i nokre høve har blitt gitt løyve til småkraftutbyggingar i verna vassdrag, har det vore ein klar føresetnad at dette skal vere svært skånsomme utbyggingar. I desse to utbyggingssakene er det snakk om utbyggingar med stor slukeevne og for små krav til minstevassføring. Det er vanskeleg for Naturvernforbundet å sjå at NVE har tatt særskilte omsyn til at det her er snakk om utbyggingar i verna vassdrag. Naturvernforbundet meiner dette er særleg alvorleg i ein kommune som Volda, der det allereie har skjedd ei omfattande utbygging av småkraftverk. Få vassdrag er igjen urørte. Difor er det dessto viktigare at det finst nokre vassdrag som ikkje blir regulert. Naturvernforbundet meiner dette talar for å vise endå større varsemd når det gjeld elvene i eit verna vassdrag. Verneplanene er i alle fall eit uttrykk for at noko er meir verdifullt enn noko anna, og i mangel av fylkesplan på dette området får vi i alle fall halde oss til verneplanprioriteringane.

Knut Festø i Naturvernforbundet i Volda og Ørsta har telefon 97 09 75 73.

Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har telefon 91 81 25 42.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Les klagen frå Naturvernforbundet til Olje- og energidepartementet

Førebels klage

Laurdalselva i Bjørkedalen er søkt utbygd, og er trolig det eneste vassdraget i Norge som renner gjennom olivinfuruskog. Foto: Dag Holtan