Klage på vedtak om betinga skadefellingsløyve

Klage frå Naturvernforbundet til Rovviltnemnda for region 6.

Sjølv om rovviltnemnda reduserer talet på gauper som kan fellast, er ikkje reduksjonen tilstrekkeleg. Det hadde vore ønskeleg at gaupebestanden var såpass stor at det er rom for å kunne felle dyr som gjer mykje skade. Men det er felt såpass mange dyr at ein må rekne det som at uttaket alt er gjort, og at ein ikkje kan felle ytterlegare dyr i Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag.

Når det framleis er ei kvote på to ulv er i realiteten kvoten auka, sidan det alt er felt eit dyr sidan forrige vedtaket.
Det er i løpet av forsommaren registrert at det i regionen har vore ulv med opphav av det slaget som blir rekna som «særleg verdifullt». Rovviltforliket seier noko om dette: «2.2.21 Ved beslutning om uttak av et dyr skal det vurderes om det er mulig med flytting dersom individet er særlig verdifullt.»

Så lenge ein ikkje held greie på kvar eit slikt dyr er, vil ei kvar felling representere ein risiko for å felle eit slikt spesielt verdifullt dyr. Denne risikoen er auka ved at kvota for dette året i praksis er auka frå to til tre. Når rovviltforliket har med ei slik presisering om vurdering av flyttealternativ, meiner vi at rovviltnemnda i sitt vedtak må ha med minst tilsvarande formulering og ikkje overlet dette til Fylkesmannen aleine å vurdere.

Naturvernforbundet har behov for å få prøvd klaga vår hos Miljøverndepartementet, slik det er presisert skal vere ein føresetnad for den lokale forvaltninga. Det opphavlege vedtaket blei gjort 30. mai. Protokollen blei mottatt på e-post 10. juni og vi sendte klaga 19. juni. Klaga blei tatt opp til handsaming i telefonmøte 7. august. Med det nye vedtaket skal det gå endå ein klagefrist og eit nemndsmøte før saka eventuelt blir sendt til Miljøverndepartementet for endeleg avgjerd. Det kan difor lett bli til at ferdighandsaminga av klagen kjem etter at bjørnen har gått i hi.

Vi kan ikkje peike på konkrete sakshandsamingsfeil, sjølv om nemnda truleg kunne ha gjort dette annaleis så i alle fall den delen som gjeld jerv kunne ha vore sendt til avgjerd i Miljøverndepartementet. Men vi meiner like fullt at dette verken er optimal eller akseptabel sakshandsaming.

Vi vil minne om at det er sagt noko om dette i rovviltforliket:

«2.1.4 Det skal være en rask behandling av skadefellingssøknader i beitesesongen. For søknader og klager knyttet til lisensfelling, kvotejakt og skadefellinger utenfor beitesesongen skal forvaltningen så langt det er mulig gjennomføre en så rask behandling at saken ikke mister aktualitet.»

Tempoet i klagehandsaminga står i sterk kontrast til det tempoet som ein finn for skadefellingsløyva.