Luftslott innan samferdsel

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Leiar Frank Sve i samferdselsutvalet i fylket vil bruke pengar på buss i staden for til utgreiing av høghastigheitstog, i dette høvet kalla luftslott.

Det er vel og bra at pengane blir brukt til kollektivtrafikk i fylket. Men det finst andre luftslott som ikkje treng pengar. Når det gjeld samferdsel veit vi at det blir store endringar i åra som kjem. Person- og godstrafikk må reduserast, og den trafikken som blir må gjerast med mindre bruk av fossile drivstoff. Klimagassutsleppa frå transportsektoren må meir enn halverast viss ikkje andre sektorar sine utslepp skal bli redusert til null.

Fylket bruker i dag ein del pengar på å utgreie fjordkryssingar ferjefritt. Dei fleste av desse prosjekta blir uaktuelle når trafikkgrunnlaget blir mindre. Der finst det pengar å omdisponere til utgreiing av høghastigheitstog i staden. Kan hende vil det vere ein fordel å ha tidsmessige tog ein gong i framtida, framfor å måtte halde seg heime.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet


Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen