Stadig feil i bussrutene i Tingvoll

Epost til fylkeskommunen.

Fra: Øystein Folden
Sendt: 11. august 2009 23:44 Til: arild.fuglseth@mrfylke.no
Emne: Fw: Stadig feil i bussrutene i Tingvoll

Sjefen for fylket sitt innkjøp av tenester må sjølvsagt også få dette.
Når Naturvernforbundet vurderer å gi opp buss som framkostmiddel og heller
køyre bil, då er det truleg på høg tid å gjere noko. Her hastar det.

Helsing

Øystein Folden leiar, Naturvernforbundet i Tingvoll

—– Original Message —–
From: «Øystein Folden» <foldengp@start.no>
To: <firmapost@177mr.no>
Cc: «Tingvoll.net» <roger@tingvoll.net>; <redaksjonen@auraavis.no>;
<redaksjonen@tk.no>
Sent: Tuesday, August 11, 2009 11:22 PM Subject: Fw: Stadig feil i bussrutene i Tingvoll


> Denne saka, sjå nedanfor, har gått ut til nokre andre tidlegare i kveld.
> No har eg fått ei e-postadresse til dykk også, så då skal de også få
> dette. E-postadressen vil bli formidla til dei som har fått nedanståande
> brev i tillegg. Mogleg de vil få ein del e-post framover. Om de heller vil
> rydde opp i problema og kome desse e-postane i forkjøpet, ville sikkert
> mange sett pris på det.
>
> Helsing
>
> Øystein Folden
> leiar, Naturvernforbundet i Tingvoll
>
>
> —– Original Message —–
> From: «Øystein Folden» <foldengp@start.no>
> To: «Tingvoll.net» <roger@tingvoll.net>; <redaksjonen@auraavis.no>;
> <redaksjonen@tk.no>
> Cc: <post@mr.fylke.no>; «Ruteinformasjon NOR-WAY»
> <ruteinformasjon@nor-way.no>
> Sent: Tuesday, August 11, 2009 6:28 PM
> Subject: Stadig feil i bussrutene i Tingvoll
>
>
>> Buss er framleis noko som ingen i Tingvoll skal bruke. I alle fall er det
>> framleis berre tull med rutene. Når eg slår opp på trafikanten
>> http://www.177mr.no/?div_id=1&pag_id=1 for å sjekke rutetidene så får eg
>> melding i raudt om at det er to ruter som ikkje går pga. ras i
>> Opdølstranda. Det er rute 149 og 902. Når eg søker i rutene mellom
>> Tingvoll og Kristiansund finn eg ikkje noko om rute 902. Derimot finn eg
>> ei rute 904 kl 15.20 som fleire har prøvd å ta, også med trafikanten si
>> hjelp, men som ikkje går. Jenta som prøvde den ruta søndag for over ei
>> veke sidan blei ståande til kl 20.20 før bussen kom. Bussen 15.20 gjekk
>> heller ikkje i dag, sjølv om både rutetabell og trafikanten sa han skulle
>> gå. Eg finn også ei rute 22-149 som er det næraste 149 eg kjem. Det er
>> bussen som går 07.50 frå Tingvoll mot Kristiansund. Den trur eg framleis
>> går.
>>
>> Den bussen som skulle gått 07.35 frå Kristiansund i retning Tingvoll
>> seier jo Nor-Way bussekspress ikkje går (svar nedanfor 29.7.09), men den
>> står like fullt oppført som om han går i morgon tidleg, 14 dagar etter at
>> spørsmålet var avklara.
>>
>> På www.nettbuss.no hamnar eg på
>> http://bestilling.nor
way.no/nbeiis/statictable/statictable.aspx?Language=o&Route=149&Direction=T&Pr oduct=P1
>> når eg vil sjekke bussrutene gjennom Tingvoll. Bussruta frå Tingvoll
>> 07.35 til Sunndalsøra står framleis i lista. Ikkje noko om at ruta er
>> innstilt i sjølve tabellen, men nedanfor står det ei line om at det kan
>> vere endringar. Kven ser vel nedanfor når det ikkje er bokstavar som
>> tilseier at det finst noter?
>>
>> Eg er lei.
>>
>> Eg sender no eit krav om at desse opplysningane må rettast opp.
>> Brevbomber er ikkje pent, så det får vi la vere, men viss mange i
>> Tingvoll og på Nordmøre vil sende eit krav til følgjande to nettadresser
>> om at dette blir ordna, vil det kanskje gjere inntrykk. Nokre hundre
>> e-poster bør vel vere innan rekkevidde. Teksten nedanfor bør vere
>> dekkande.
>>
>> Øystein Folden
>> leiar, Naturvernforbundet i Tingvoll
>>
>> —————————————————————————
——————————————————————————
———————–
>>
>>
>> FORSLAG TIL E-POST
>>
>> ruteinformasjon@nor-way.no; post@mrfylke.no
>>
>> Bussrutene gjennom Tingvoll inneheld stadig feil også etter klager på
>> dette, og spørsmål om dette til trafikanten blir også besvart feil. Folk
>> står og venter på busser som ikkje køyrer.
>> Vi krev at bussrutene på nettstaden
>> http://www.177mr.no/?div_id=1&pag_id=1 og eventuelt andre stader blir i
>> samsvar med dei bussrutene som blir køyrt.
>>
>> —————————————————————————
——————————————————————————
————————-
>>
>>
>> SVARET FRÅ RUTESELSKAPET 29.7.2009
>>
>> —– Original Message —–
>> From: «Ruteinformasjon NOR-WAY» <ruteinformasjon@nor-way.no>
>> To: <foldengp@start.no>
>> Sent: Wednesday, July 29, 2009 9:05 PM
>> Subject: SV: Melding via nor-way.no
>>
>>
>>
>>
>> Hei!
>>
>> Takk for din henvendelse.
>>
>> Da har du nok fått feil opplysning fra Trafikanten. Den ruten som gikk
>> 07.35 er innstilt og går ikke mere. Buss fra Tingvoll – Sunndalsøra går i
>> fra Tingvoll klokken 21:55 og da er du i Sunndalsøra klokken 22:45. Hjem
>> fra Sunndal til Tingvoll går det buss 07:00 og da er du hjemme i Tingvoll
>> klokken 07:50. Jeg har ringt for å høre med Nettbuss Møre om den
>> informasjonen du har fått opplyst, og dem forteller meg at alle
>> ruteopplysninger har fått informasjon om at 590 Nordmørsekspressen ikke
>> går lenger. Jeg legger inn mailen din som klage i vårt system, så vi er
>> klare over denne feil informasjonen.
>>
>>
>> Ha en fin dag! / Have a nice day!
>>
>> Med vennlig hilsen / Best regards
>> Annette
>> NOR-WAY Bussekspress AS | Kundesenteret (Customer Service Centre)
>> Tlf: +47 815 44 444
>> http://www.nor-way.no <http://www.nor-way.no/> |
>> ruteinformasjon@nor-way.no <mailto:ruteinformasjon@nor-way.no>
>>
>> ________________________________
>>
>> Fra: foldengp@start.no [mailto:foldengp@start.no]
>> Sendt: on 29.07.2009 19:09
>> Til: Ruteinformasjon NOR-WAY
>> Emne: Melding via nor-way.no
>>
>>
>>
>> Generated by CorePublish 6.5.4 mailform handler at ‘Wed 29. July 2009
>> (19:09)’
>>
>> SUBJECT : Melding via nor-way.no
>> TO_ADDRESS : ruteinformasjon@nor-way.no
>> Navn : Øystein Folden
>> FROM_ADDRESS : foldengp@start.no
>> Telefon
>> Melding : Nettstaden trafikkanten fortel at det går buss frå
>> Tingvoll fredag 31.7. kl 07.35 med ankomst Sunndalsøra 08.25. Ei annonse
>> for ei tid sidan fortel at bussen med avgang 06.30 frå Kristiansund i
>> retning Oppdal ikkje går om Tingvoll. Viss eg stiller på busslomma i
>> Tingvoll kl. 07.30, når vil eg då kunne rekne med å bli plukka opp av ein
>> buss? Det står elles i annonsa at det er ny rutetabell på nettstaden
>> www.nettbuss.no Det kan godt hende at det er, men for meg går det truleg
>> fortare å vente på bussen i busslomma enn å finne fram til den tabellen.
>> Det ser ut til at de prøver å venne oss av med å ta bussen. Med det same
>> kan de fortelje meg om eg kjem meg heim frå Sunndal til Tingvoll dersom
>> eg satser på buss frå Sunndal kl 22.55 same fredag, eller om eg må ta med
>> sovepose og overnatte på Krifast så eg kan halde fram neste morgon med
>> den bussen som i følgje annonsa ikkje går kring kl. 07.00 frå Krifast?
>> Men då er det jo laurdag, så då er det jo ikkje greitt å vite nokon ting.
>> Men før eller seinare går det vel ein buss, og om det ikkje gjer det kjem
>> det vel ein journalist forbi. Det hender det hjelper det også.
>>
>>
>>
>>
>