Klage på ulovleg avfallsbrenning i Stordal

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har fått eit tips om ulovleg og sjenerande avfallsbrenning i Stordal. Vi ber om svar på korleis slike saker blir tatt opp i kommunen.

På nyåret fekk Naturvernforbundet i Møre og Romsdal tips frå ein privatperson om ulovleg avfallsbrenning i Stordal. Brenninga er sjenerande og tipsaren meiner kommunen har så gode ordningar for avfallshandtering at det er heilt unødvendig å drive med avfallsbrenning, i tillegg til at det ikkje er lovleg. Sidan det er kommunen som er forureiningsmynde i slike saker, sender vi difor tipset vidare til Stordal kommune.

Øystein Folden har telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet til Naturvernforbundet

Brev til Stordal kommune

Svar frå Stordal kommune