Kvite sertifikat er viktigare enn grøne

Naturvernforbundet har gitt fråsegn til lovforslaget om ei norsk-svensk elsertifikatordning, «grøne sertifikat». Naturvernforbundet sine to hovudkrav er at vasskraft som hovudregel ikkje bør få grøne sertifikat, og at det må innførast elsertifikat for energieffektivisering og energisparing, «kvite sertifikat».

Naturvernforbundet meiner grøne sertifikat kan vere viktige for å auke produksjonen av fornybar kraft. Dette kan gje ei utfasing av fossil energi. 

Samstundes vil Naturvernforbundet åtvare sterkt mot å inkludere vasskraft i ordninga med grøne sertifikat. Dette vil auke presset på ein allereie hardt pressa vassdragsnatur. Dessutan vil det føre til subsidiering av utbyggingar som er svært lønsome utan støtte. Ei slik subsidiering er meiningslaus bruk av ressursar.

Grøne sertifikat må i staden nyttast til å støtte opp om dei umodne teknologiane som treng støtte. Difor ønskjer vi eit grønt sertifikatsystem som liknar på systemet Storbritannia, der støtta blir gradert ut frå det behovet teknologien har for støtte.

I tillegg meiner Naturverforbundet det bør innførast eit system for kvite sertifikat, der energiselskapa blir pålagde eit ansvar for å gjennomføre energieffektiviseringstiltak ute hjå sluttbrukarane. Medan vi ventar på kvite sertifikat, må støtta til energieffektivisering prioriterast opp slik at desse tiltaka ikkje tapar i konkurransen med nye kraftutbyggingar. Den mest miljøvennlege og billigaste kilowattimen er tross alt den som aldri blir nytta.

Gjennom rapporten «Krafttak for riktig kraftbruk» har Naturvernforbundet vist at det ikkje først og fremst er mangel på elektrisitet som gjer at klimautsleppa ikke går ned. Det er snarare mangel på virkemidlar for å erstatte den fossile energibruken med rein energi. Difor må innsatsen for å fase ut fossil energi styrkast samstundes med auka satsing på auka satsing på energieffektivisering og fornybar energi. Dersom dette ikkje skjer, er sjansen stor for at den sparte energien eller den nye kjem i tillegg til den fossile bruken, ikkje i staden for.