Naturvernforbundet vil ikkje ha hus, hyttar og naust i strandsona på Groven og Furneset

Naturvernforbundet har gitt fråsegn til ein reguleringsplan for Groven og Furneset. Planen har som formål å regulere inn 19 bustadtomter, 4 hyttetomter og 12 nausttomter. Området er i kommuneplanen avsett som LNF-område og store delar av planområdet ligg i 100-metersbeltet langs sjøen.

Det kjem fram av planen at 20-30 meter av strandsona er reservert som friområde med unnatak av nokre nausttomter. Me meiner at bygging av 12 naust i dette området vil verke svært privatiserande, og at det difor er uheldig å kalle strandsona for eit ”reservert friområde”. Det er heller ikkje sett krav til storleik på nausta og korleis dei skal sjå ut, anna enn at dei skal vere frittståande og oppførast i tradisjonell byggjeskikk. Kva er eigentleg tradisjonell byggeskikk for naust her i Vestnes?

Naturvernforbundet ser helst at det ikkje blir bygd verken naust, hytter eller hus i strandsona. Me viser til den nye PBL som gjeld frå 01.07.09, der PBL § 1-8 om forbod mot tiltak o.a. langs sjø og vassdrag, erstattar PBL § 17-2 om forbod mot bygging og frådeling i 100-metersbeltet langs sjøen. Den nye lova innskjerpar byggeforbodet i strandsona, slik at det no må takast særleg omsyn til natur- og kulturmiljø, friluftsliv, landskap og andre allmenne interesser ved spørsmål om utbygging i 100-metersbeltet. Dette gjeld både i samband med utarbeiding av planar og ved avgjerder i dispensasjonssaker. I område med sterk konkurranse om strandsona, er det spesielt viktig å unngå bygging av omsyn til allmenne interesser.

Me viser òg til Miljøverndepartementet si oppmoding av 8. mars 2002 om skjerpa plan- og dispensasjonspraksis i strandsona. Det kjem mellom anna fram av Stortingsmelding nr. 21 (2004-2005) om Regjeringa sin miljøpolitikk og riket sin miljøtilstand at Regjeringa ynskjer ei offensiv og framtidsretta strandsoneforvaltning. Dette set krav til kommunen om eit vedvarande fokus på strandsona og at det blir utøvd ein streng praksis ved behandling av plansaker og dispensasjonar.

Motiv for at 100-metersbeltet langs sjøen er gitt et spesielt vern gjennom PBL § 1-8:

· Allmenne frilufts- og rekreasjonsinteresse: Strandområda er viktige rekreasjonsområde, både frå sjø og land – me må prøve å unngå at desse områda blir privatisert.

· Livsmiljø for plantar og dyr: Strandsona er møtestaden mellom sjø og land – desse områda er viktig for det biologiske mangfaldet då dei utgjer livsmiljøet for mange plantar og dyr.

· Landskapet sine verdiar: Me ynskjer i størst mogleg grad å ta vare på det norske kystlandskapet som det er – utan estetisk uheldige inngrep.

Kontaktperson for denne saka er lokallagsleiar Bernt Gjelsten, telefon 97 18 60 58.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Fråsegna frå Naturvernforbundet i Vestnes til Vestnes kommune

Svar frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal til Naturvernforbundet om Nerås