Bort med pøbelgrana

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Geir Gjengstø peiker i Tidens Krav nyleg på at Kristiansund gror igjen. Det som før var knausar og opne område er no tildekt av sitkagran og framande furuartar. Kristiansund er på ingen måte aleine om problemet.

For ein del år tilbake var det nokre som meinte det godt og fekk planta både det eine og det andre. Resultat blei det. No trengst det truleg ein tilsvarande entusiasme for å fjerne dette igjen. Og det er ikkje berre det som blei planta som må fjernast, men det som kjem opp etter frøspreiing også. Lenger sørover på Vestlandet er dei alt i gang med jobben. Det er eit stort arbeid og det kostar pengar.

Slikt som dette kan vi lære av, men gjer vi det? Nyleg kom rapporten «Planting av skog på nye arealer som klimatiltak». Det er eit prosjekt som går ut på å plante til med barskog på slike areal som ikkje alt er planta langs kysten. Skogbruksnæringa har stått i spissen for dette, og no trur alle politikarar at dette er bra både for klimaet og landet.

Så langt Naturvernforbundet kan finne ut, er tiltaket truleg ikkje særleg bra for klimaet. Kanskje tvert om dårleg. Det er heller ikkje noko gunstig for den naturen som er der frå før. Og vi trur at folk flest slett ikkje vil ha meir enn dei alt har fått av granplantingane på Vestlandet.

Når Gjengstø gjerne vil bli kvitt resultatet av forrige planterunde, sit det altså samtidig stortingspolitikarar og landbruksbyråkrati som har tenkt å velte inn over oss ei ny plantebølgje.

Naturvernforbundet ønskjer tre ting:

– De som har noko å seie, gjer kva de kan for å stoppe denne plantebølgja.

– De som eig ein teig med sitkagran og buskfuru, sag det ned før det kan spreie seg meir.

– Meld dykk inn i Naturvernforbundet, så hjelper de oss å stoppe pøbelgrana.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal