Innkalling til årsmøte i Naturvernforbundet i Ørsta og Volda

Naturvernforbundet i Ørsta og Volda har årsmøte onsdag 1. mars kl. 1900 på Aasentunet.

– Årsmøtesaker
– Samtale om aktuelle tema
– Bård Dahle viser lysbilete frå fjella i Kirgisistan

Nye og gamle medlemar er velkomne.

ÅRSMELDING FOR NATURVERNFORBUNDET I ØRSTA OG VOLDA 2004-2005

Medlemstalet har lege fast på 64 medlemar ved dei rapporteringane vi har fått frå NNV i meldingsperioda (i røynda ei jamn utskifting av medlemer, men med eit grunnfjell av tilårskomne langtidsmedlemer)

Laget vart formelt liva opp att i september 2004 med hjelp frå fylket sentralt etter at det førre styret hadde sete over fullmaktstida med eit halvt år. Vi hadde då berre ein kontaktperson for fylkeslaget frå det sist valde styret. I lokale saker var det i denne tida fylkeslaget sine synspunkt som vart målborne.

Ved medlemsmøte 2004-09-01 fekk dei to medlemene frå førre styret (Johan Hustadnes og Geir Helge Nilsen) fullmakt til å halde fram i verva sine for ei ny virkeperiode, samstundes som Knut Festø frå valnemnda alt denne hausten hadde gjort tiltak til å arbeide mot overdrdriven småkraftverkutbygging og gjekk inn i eit arbeidsutskot med desse to. Ingrid Opedal har i heile tida virka som rådgjevar og teke del i førebuingssamkome før dei opne folkemøta. Der har vi og fått god hjelp av andre medlemer, td. Olav Skuset.

I samband med medlemsmøtet 2004-09-01, heldt Øystein Solevåg frå fylkesstyret eit føredrag om problem utbygging av småkraftverk I meldingsperioda har vi halde to opne folkemøte med godt frammøte (høvesvis 52 og 112):
Debattmøte 2004-10-21om mini- og småkraftverk (med hovudinnleiar Erik Solheim, NNV )
Oljealderen på hell, 2005-11-07(med Olav Hauso som hovudinnleiar og føredragshaldar.)
Her delte vi for fyrste gong ut ein lokal miljøvernpris: til Volda industri ved Kjell Høydal for framstilling av vedbrikettar.

Arbeidet mot overdriven småkraftutbygging har skugga over det meste i virkeperioden, og det var ei ulempe at vi ikkje hadde ein virksom organisasjon til å take til motmæle alt då mange småvassdrag vart tekne ut av samla plan.
Utbyggingssakene har vore så mange at vi ikkje har nådd å levere uttale mot alle, men har freista kjøre ei line der vi har gått mot store landskapsinngrep over tregrensa, samt gått mot urette eller dårleg underbygde opplysningar i konsesjonssøknadane.

Johan Hustadnes og Knut Festø har skrive dei fleste fråsegnene til NVE i konsesjonssakane og gjeve fleire intervju til lokalpressa i slike saker. Dei har og vore på folkemøte om utbygginga av Litledalselva.

Dei viktigste utbyggingssakene vi har utttalt oss mot denne perioden har vore: Sætrefossen (Vågen/Bjørke), Aurstadfossen, Urkeelva, Dalegjerdet-Standal (Fladals- og Sætreelva). Langs Standalelva og i Litledalen har styret og vore på synfaring saman med fastbuande, men diverre ikkje hatt høve til å møte NVE sine folk i same ærend på Standalseidet, slik direktoratet gav oss høve til.

I denne perioden har vi ikkje hatt utsendingar til faste kommunale utskot og nemnder.
Kommuneadministrasjonen i Ørsta skal ha ros for ei open samarbeidsline som hadde fortent langt meir aktivt samspel frå vår side enn vi har hatt evne til å leve opp til.

Styret har i meldingstida kome saman 6 gonger for å løyse einskiltoppgåver, elles har dei fleste styringsoppgåvene vorte handsama ved e-brev.

I lita grad har vi drive aktiv medlemsverving mot ålmenta, anna enn utdeling av vervingsbrosjyrer ved tre folkemøte. Men vi har fått nokre nye medlemer som meiner vi har gjort ein innsats for lokalmiljøet deira.

Fylkeslaget har i denne tida stilt ein ny nettstad til rådvelde for oss: www.naturvern.no/orsta og www.naturvern.no/volda – men vi kunne med føremon gjort større bruk av denne. Dei fleste attendemeldingar om innhaldet kjem frå lokale massemedia.

I aukande grad har lokale massemedia vendt seg til oss for dagsaktuelle kommentarar, og alle styremedlemer har stilt til intervju på kort varsko, nokre og for lokalradio og –TV i opptakssending. Under strida om utbygginga på Standal skipa lokalavisa Møre til møte mellom oss, utbyggar- og grunneigarinteresser og lagde reportasje frå dette.

Styret har og møtt opp på folkemøte utanfor virkekrinsen sin, i Myrvåg hausten 2005 om vindkraftutbygginga i Gursken. Dette var meint som ei hjelp til fylkeslaget sin freistnad på nyorganisering av Naturvernforbundet på Ytre Søre Sunnmøre.

Ved den nye styringsstrukturen for fylkeslaget har vi fast plass i styret, der Geir Helge Nilsen har møtt ved eit fleirtal av møtene, men diverre ikkje jamt – (og vi har ingen varautsending for han)

Han har og møtt ved fylkesårsmøtet 2005-03-07, etter å ha skofta dette 2004 – då hadde han ikkje fullmakt frå noko årsmøte i lokallaget.

Under NNV sitt landsmøte i Eidanger 2005-06-10/12 var han og einaste styremedlem som hadde høve til å møte for laget. Det einaste innlegget han heldt på møtet var på vegner av fylkeslaget, om energifrigjering i staden for auka bruk.

Ingen frå vårt lag har møtt på temamøte/kurs vi har vore innbodne til: miljøgiftseminar i Ålesund og vassdragsvernkurs i Trondheim

Geir Helge Nilsen 2006-02-26 geovisit(); setstats 1