Spar pengane!

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Formannskapet i Averøy har vedtatt å bruke pengane til noko anna. Flott. Det er ikkje nødvendig å stykke opp Averøynaturen med endå ein ny veg. Legg til rette for gåande og syklande langs eksisterande vegnett for dei millionane kommunen slepp å bruke, og la bussen gå gjennom dei områda der folk bur.

Ikkje er det om å gjere å lage meir monument av typen Atlanterhavsvegen heller. Det er eit paradoks at bortsprenging av natur i ein så stor målestokk kan bli rekna som ei slags naturoppleving. Det er i alle fall misforstått om ein trur naturopplevinga blir større av å sprenge bort endå mykje meir av naturen så ein fortast råd kan køyre tvers gjennom han med blikket fast i fartsretninga.

Øystein Folden

leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal