INNSYN – SØKNADER OM HELIKOPTERLANDING I SAMBAND MED REKLAME/TIDSSKRIFT

Epost til kommunane i Møre og Romsdal.

Dei siste par åra har det vore ei stor auke i bruk av helikopter i utmark, då særleg i fjellheimen i samband med ymse reklameverksemd. Naturvernforbundet registrerte at det var eit titals slike saker sist vinter, og at fjellheimen frå fylkesgrensa mot Sogn og Fjordane og heilt nord til Nesset var potensielt i bruk til føremålet frå februar til april.   Vi føler oss berørt av desse sakene som gjeld helikopterlanding i utmark i samband med filming. Kan vi få alle slike søknader til uttale uoppfordra til vi eventuelt seier frå at vi ikkje vil ha dei?   Nyleg er vi gjort merksame på at Fri Flyt AS har sendt slike søknader til ein del kommunar også i år. Vi har funne nokre søknader i postlistene, men vil tru det kan vere fleire enn dei vi alt har spurd etter.   Primært ønskjer vi dei tilsendt digitalt til moreromsdal@naturvern.no   Viss digital løysing ikkje let seg gjere ber vi om at de sender det til   Naturvernforbundet i Møre og Romsdal v/Øystein Folden 6630 TINGVOLL