Fly og CO2

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Statsministeren har talt. Dei som flyg utanlands må kjøpe klimakvote for å ha godt samvit.

Statseigde Avinor seier at flytrafikken er sterkt aukande og vil ”gå til himmels”. Det gjer også CO2-utsleppa.

Statsministeren kan med fordel sjå på alternativ med høghastigheitstog og andre forbetringar i kollektivtrafikken. Det er opp til politikarane om flytrafikken skal få auke som han vil, eller om klimatiltak også skal gjelde på det området. Medan statsministeren tenkjer, er det du og eg som må gjere vårt ved å tenkje nøyare gjennom korleis vi er med på utsleppsgalskapen.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Øystein Folden har telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet til Naturvernforbundet