Naturvernforbundet med kritiske merknader til husdyrgjødselforskrift for Herøy

Herøy kommune har sendt på høyring eit forslag til forskrift som gjør det mogleg å spreie husdyrgjødsel i perioda frå 15. februar til 1. oktober. Naturvernforbundet meiner dette ikkje er rart vatna i jordbrukssonane i fylket blir så forureina som dei blir med slike reglar.

Naturvernforbundet minnar i si fråsegn om at det ligg som føresetnad for ei lokal forskrift at det skal gjerast ein del vurderingar av om det er fare for ureining knytt til utsett tidspunkt for husdyrgjødsling. I det ligg det ein del føringar:

– Tilført gjødsel skal nyttast til planteproduksjon. Vurderinga er då om det er full vokster i graset på Herøy i fire til seks veker etter 1. oktober. Viss det ikkje er det, så må ein anten ha tidlegare frist, eller ein må gjødsle mindre. Det finst ein enkel test på dette: Siste ordinære gjødslingstidspunkt for fullgjødsel er ikkje seinare enn at tilført næring i hovudsak blir brukt opp. Finst det ikkje ein einaste bonde som er ute på enga med fullgjødsel etter 1. september, så er det eit klart teikn. Gjødsling med husdyrgjødsel etter eit slikt tidspunkt bør ein altså vurdere nøye, og ein må i utgangspunktet rekne med at husdyrgjødsling etter dette tidspunktet eigentleg går ut på å kaste gjødsla som avfall.

– Nedbørssituasjonen utover hausten fører ofte til at tilført husdyrgjødsel kan renne av. Det må såleis vurderast kva konsekvens det har, og område som er spesielt vare for tilførsel av gjødselemne må då vernast mot denne auka risikoen. Dette går mellom anna fram av §23, 3. ledd i den sentrale husdyrgjødselsforskrifta.

Rett på vestsida av Dragsundet, på sørsida av vegen er det ein poll. I nedbørsfeltet til denne pollen ligg det dyrka areal. Vi kjenner ikkje grøftesituasjonen osb., men ser for oss at dette er eit døme på eit jordbruksareal som heilt eller delvis ikkje bør vere med i ordninga med utsett spreiingsfrist. Om pollen seier naturbasen at dette er eit regionalt viktig brakkvassområde, der det veks skruehavgras, ei av få førekomstar i fylket. Korleis eit slikt område vil reagere på tilførte gjødselsemne kan ikkje Naturvernforbundet seie noko om. Det ligg elles til kommunen etter naturmangfoldlova å undersøke slikt før det blir gjort vedtak av denne typen. Det gjeld også undersøkinga av om det er andre område i kommunen som også treng ei nyansering av tidspunkt eller anna avgrensing når det gjeld den lokale forskrifta.

I arbeidet med lokal husdyrgjødselforskrift må ein som minimum kunne vente:

– opplysningane om vassdrag og vatn og spesielle biologiske verdiar er kjent gjennom naturbasen, og denne kunnskapen må nyttast (jf. § 8 i naturmangfaldlova)

– Viss ein er i tvil om verknaden kan tolererast, må ein la vere å gje løyve (jf §§ 9 og 10 i same lov)

– Det må vere kommunen som gjer jobben med undersøkingane før forskriftsvedtaket (jf §11)

– Spreiingsvilkåra for husdyrgjødsel må avpassast etter det ein er sikker på kan tolererast (jf § 12)

Naturvernforbundet sitt forslag er difor at kommunen tar fatt på arbeidet med denne forskriften på nytt, slik at desse momenta kjem på plass.

For Naturvernforbundet ser det ut til at det grunnleggande problemet er at gardbrukarane ikkje har lagringskapasitet for husdyrgjødsla si slik at dei kan bruke husdyrgjødsla om våren og sommaren når næringsemna blir til avling i staden for ureining. Dette er godt belyst i eit prosjekt som har gått i Gjemnes og Tingvoll dei siste to åra. Utsett gjødslingsfrist er såleis å gi ein «tablett mot symptoma» i staden for å løyse problemet. I staden for at jordbruksnæringa/forbrukarane skal betale for løysinga av problemet blir det slik at naturen betalar.

Elles er Naturvernforbundet kritisk til at Herøy kommune som vanleg unngår å sende saker på høyring til miljøvernorganisasjonar. Denne måten å halde informasjon unna dei som kan ha viktige kommentarar og som forsøker å sikre viktige omsyn inngir ikkje tillit til Herøy kommune som seriøst forvaltningsorgan.

Øystein Folden er leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. Han har telefon 91 81 25 42.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Fråsegna frå Naturvernforbundet til Herøy kommune

Framlegget til husdyrgjødselsforskrift for Herøy kommune