Naturvernforbundet med fråsegn til Turistforeningsplanar i Naustådalen

Naturvernforbundet er kjent med at det ligg føre ein søknad frå Trondhjems Turistforening (TT) dagsett 24.6.2011 om dispensasjon frå vernereglane i Trollheimen landskapsvernområde. Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har gitt fråsegn om dette til Verneområdestyret for Trollheimen ved Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

For Naturvernforbundet er det overordna at formål og reglar for vern av Trollheimen står fast, og ikkje blir set til side i form av dispensasjonar. Forbodet mot byggverk som t.d. hytter er eit sentralt punkt i reglane for landskapvernområdet, som slår fast at inngrep som endrar landskapet ikkje er tillatt (pkt 1). Slike inngrep forstyrrar opplevinga av fri natur. Vi har tidlegare bedt om at planar om hyttebygging og anna tilrettelegging i vestre Trollheimen blir avvist (jfr vår uttale til forvaltningplanen 10.09.2001). I tråd med dette ber vi om at omsøkt dispensasjon for hytte i Naustådalen ikkje vert imøtekomen. Konflikten med klassiske naturverninteresser er udiskutabel.

Randsona til landskapsvernomradet er dessutan betydeleg prega av ulike slags inngrep, ikkje eingong verneområdet er spart (i Minilldalen er eit titals hytter oppført innafor grensa). Det er difor avgjerande å trygga resterande naturområde utan preg av utbygging.

I søknaden nemner TT at det vart opna for ny hytte her under arbeidet med forvaltningplanen for Trollheimen. Vi finn inga stadfesting av dette i den ferdige planen, og legg difor til grunn at søknaden langt frå kan sjåast som ein formalitet.

Naturvernforbundets kommentarar til søknaden:

Som bakgrunn for søknaden nemner TT sine sentrale mål om:
1. at det i heile Trollheimen skal vera rimelege dagsetappar mellom hyttene
2. å legga til rette for lengre turar på meir enn to-tre dagar
3. å spre trafikken til det mindre trafikkerte området i sørvest, slik at
4. vandringsgjestane til Kårvatn skal bli like mange som for nokre år siden.

Naturvernforbundet vil med minst like stor rett hevda det motsatte av pkt 1; dvs at hyttefrie område er ein kvalitet for turfolket, slik at målet tvertom må vera å unngå meir bygging i Trollheimen.

Vestre delar har i dag minst grad av tilrettelegging, og må takast vare på i den forma, utan noko meir inngrep. Så vidt vi veit har heller ikkje TT tidlegare uttalt noko mål om å dekka heile Trollheimen med hyttenett. Vi ser ikkje noko poeng i å forlenga vandringslengda i fjellet ved hjelp av fleire hytter (pkt 2). Utviklinga mot meir kortvarige turar enn før er truleg resultat av at utstrakt vegbygging til fjells har gjort ein større del av fjella tilgjengeleg på dagsturar. I motsetning til det
generelle overordna målet om å samla inngrep, ønsker TT no å spreia trafikken i Trollheimen (pkt 3), ved oppføring av ny hytte. Ut frå naturomsyn er vurderinga av spreiing kontra samling av trafikk sjeldan opplagt, heller ikkje i dette tilfellet. Så langt er vi ukjent med at ferdslen i austre del av Trollheimen trugar naturverdiane der. Og når planen omfattar hyttebygging innafor villmarkssona av eit verneområde, attpåtil langt oppe på snaufjellet, er konflikten med klassiske naturverninteresser ikkje til å koma frå. Dette vil aldri bli noko ”naturlig innslag i Naustådalen” slik det seiast i søknaden.Vi støttar difor ikkje synet om spreiing av trafikk når resultatet blir på det viset.

Til pkt 4 vil vi bemerka at statistikk viser at trafikk på turisthyttene i fjellet går i bølger. Nedgang treng ikkje vera permanent. Utviklinga i denne delen av Trollheimen virkar dessutan ikkje heilt eintydig. Ifølge TTs søknad er talet blitt færre i  samanheng, medan Kårvatn rapporterer om auke (jfr. uttale av 10.06.2011).

Eit sentralt argument ifølge søknaden er at ruta er svært lang og tung og med kronglete terreng. Viss TT meiner ruta er meir krevjande enn andre, bør det grunngjevast betre. I ei slik vurdering er effektiv gangtid normalt ein betre målestokk enn lengde i km, som ofte er misvisande når stigninga ikkje er nemnt. Den ajourførtre nettsida www.ut.no (DNT/NRK) oppgir åtte timar for denne ruta, til liks med regulært trafikerte ruter som Trollheimshytta-Gjevilvasshytta og Grøvudalshytta-Åmotsdalshytta. Det finst og døme på ruter med lengre gangtid (Jøldalshytta-Trollheimshytta over Trollhetta er på ni timar). Rett nok er ruta frå Trollheimshytta til Kårvatn litt lengre enn til Gjevilvasshytta, men stigninga er monaleg mindre (430 m mot 780 m). Ut frå ovanståande kan vi ikkje sjå at ho merker seg ut som meir krevjande enn somme andre. Resultatet av å gje etter for krav om auka hyttebygging i takt med svekka fysisk form, er lett å skjøna. Risikoen for stadig aukande
utbyggingspress er opplagt. I denne saka må ein først og fremst peika ut dei partia som vert opplevd som ”kronglete” og forsøka omlegging eller utbetring av stien (t.d. gjennom skog/kratt som søknaden nemner). Heile denne ruta er normalt greit framkommeleg, sjølv om trønderske fjellvidder stadvis kan vera meir lettgått. Og viss målet er større trafikk i sørvestre strok, kan tiltak på ruta Storli-Kårvatn vera eit tenkeleg alternativ.

Omsyn til viltinteresser:
Naturvernforbundet har ingen lokalkunnskap om viltforekomstar der hytta er planlagt. Vi vil likevel minna om Trollheimens fortid og moglege framtidige verdi som villreinområde. Det er eit ope spørsmål kva som skjer når gjeldande rett til tamreindrift utgår om nokre tiår (basert på ei særlov frå 1984). Vi ser fleire grunnar til at tamrein då kan bli erstatta med villrein. For det første er tamreindrift på framand grunn i Trollheimen i strid med ein Høgsterettsdom frå 1981 (jfr N. Røv
2002: Trollheimsreinen). Dessutan er villrein blant dei viltartane som forvaltninga i dag vektlegg høgst, dette vil utvilsamt også gjelda for framtida. Han er normalt sky og reagerer negativt på tilrettelegging for ferdsel. Ein må rekna med at planlagt hytte vil få eit allsidig bruksområde, ikkje berre gjennomgangstrafikk sommarstid. Dette perspektivet er viktig å ha med seg, og tilseier ei ekstra føre-var haldning til byggeplanane. I dagens situasjon vil vi nemna faren for auka press på
rypebestanden i fjellet viss dette blir brukt som jakthytte, noko ein må rekna med. Vi ser dette som lite ønskeleg, fordi presset er stort nok frå før.

Alternativ plassering
Vårt standpunkt er at omsøkt dispensasjon frå TT må avvisast innafor landskapsvernområdet. I tilfelle ny turisthytte blir tillatt bygd langs ruta, må ho flyttast ned frå snaufjellet og ut av villmarkssona. I bjørkeskogen lengre framme i Naustådalen kan ein oppnå betre skjul, og hytta vil ha mindre preg av framandelement enn i det alpine landskapet ho er planlagt (jfr at det fremst i dalen er ei seter/hytte frå før). Nærmare sivilisasjonen vil ein tru at påverknaden på sårbart vilt nemnt over ikkje blir så stor. Og for fjellvandraren vil to-tre km avstand til Kårvatn bety at han kan nytta ein ”ledig” dag til topptur eller rusletur i næmiljøet.