Holet i Gjemnesaksla
Naturvernforbundet har sett debatten om forlenginga av Krifast for å få rusta opp riksveg 70. Entusiasmen rundt tunnelen gjennom Gjemnesaksla er forunderleg.
Naturvernforbundet er opptatt av at samferdsla skal bli tryggare, og at meir miljøvennlege alternativ til biltrafikk blir stimulert. Planane om tunnel gjennom Gjemnesaksla bør leggast bort, og vi bør i staden byggje gang- og sykkelveg frå Batnfjorden til Gjemnessundbrua. Då vil det bli trivelegare å
bu langs vegen på denne strekninga. Bilen kan stå litt meir i garasjen, syklisten og fotgjengaren kan få boltre seg trygt.
Øystein Folden
Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal