Til Oslo med verdsarven: Verdsarvingar på Operaen

Pressemelding frå verdsarvprosjektet / Seanse.

I desember 2009 kunne du snuble over ei klode frå Møre på Operataket. Eller få ei trådklode oppi hendene. Eller kanskje fekk du ein 11-åring si meining om klimaet i kortform. Då inntok verdsarvingar og kunstnarar Operataket i regi av Seanse. Og det var sunnmøringar og nordlendingar med eit ”annleis” klimaspråk.

Også verdsarvingane vil ha eit ord med i laget om klimaet. Dette blei eit litt ”annleis” ord, og det blei uttrykt på Operataket i Oslo laurdag 12.desember. Då sendte Seanse senter for kunstproduksjon nedover tre kunstnarar og verdsarvsbarn frå både Vega og Møre. På Operaen var det også ”sendoff”-arrangement for klimaseilasen til toppmøtet i København.

Kunstnarane og elevane nytta høvet til diverse stunt, medan det var seminar og konsert i samarbeid med TV 2 inne i Operabygget.

Klode Kanskje trakka du på ei klode på Operataket i vrimmelen av klimademonstrantar. Metallplata med fotografiet var lagt der av fotograf Ottar Andre Breivik Anderson (Sula/Ulstein). Eller kanskje fekk du eit kort oppi handa av ein ung verdsarving. Her var bilete av hender som ber verdsarv, med ei klok helsing frå ein elev, (td ” Hvis vi skal fortsette å kjøre så mye bil,
kommer vi ikke til å leve særlig lenge”)

Du kunne også sjå glimt av elevane på ein skjerm, biletkunstnar Liv Katrin Dysthe Sønderland (Ørskog) har laga ein kunst/dokumentarfilm om borna og arven i det grøne.

Eller kanskje opplevde du kloder på vandring – i form av garnkule, tau, mose eller plast – det var kunstnar Marit Moltu (Herøy) si biletlege handling.

Ideen om verdiar Kva verdiar ligg i verdsarven? Er der ein grøn tråd gjennom historia? Kunstnarar frå Møre og nokre ”eksperiment-”elevar frå verdsarvskommunane Vega, Norddal og Stranda har jobba med desse spørsmåla siste året. 5.-7.klasse ved Dalsbygda skule, Norddal, brukte 12 skuledagar på dette spesielle samarbeidet i 2008. I 2009 var det Geiranger skule (5.-7.klasse) og Vega skule (6.klasse) som fekk besøk av ”verdsarvskunstnarane”. Seanse, norsk senter for kunstproduksjon, har i stor grad finansiert og initiert denne nyskapande verdsarvsformidlinga. Den grøne tråden har vore den raude tråden gjennom heile prosjektet, og kunstnarane har fått i oppgåve å røre elevane i verdispørsmålet rundt verdsarven. Kunstnarane nyttar eit
”nytt” språk, og gjer verdsarven til noko vi kanskje ikkje kjenner att i dei glansande turistbrosjyrene.
No har vi altså fått oppleve ein smakebit av dette språket på sjølvaste Operaen i Oslo.

Kontaktperson for prosjektet:
Ingvild Hansen Nystad,
Prosjektleiar for verdsarvprosjektet/Seanse tlf 92820034

Postkort frå verdsarvstuntet

Verdsarvingar på Operaen

Verdsarvingar på Operaen

Verdsarvingar på operataket

Verdsarvingar på operataket

Verdsarvingar på operataket