Naturvernforbundet krev gransking i Midt-Noreg

Like før Stortinget sa ja til kraftsluket Ormen Lange, hevda vassdrags- og energidirektør Agnar Aas at denne delen av landet under visse vilkår ville bli sikra god forsyning av straum. Naturvernforbundet krev gransking av dei avgjerdene som førte til at energiforsyninga i Midt-Noreg dei næraste åra kan bli kritisk.

– Det er mogleg Aas kan ha villeia Stortinget med sine utsegn, meiner leiar Lars Haltbrekken i Norges Naturvernforbund. Agnar Aas er direktør i Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), som har ansvaret for forvaltinga av vass- og energiressursane i Noreg.

Berre to dagar før Stortinget vedtok utbygginga av Ormen Lange i april 2004, kom NVE med ei pressemelding der det stod at dei hadde godkjent ei forsterking av kraftforsyninga for Ytre Romsdal og Sunnmøre. Dette gjeld ny 420 kV kraftline frå Sunndal til Fræna og frå Ørskog til Aukra. I den same meldinga vart Aas sitert på følgjande: «- Når disse anleggene er etablert vil vi være sikret en god forsyningssikkerhet i disse delene av landet».

Førebels er det berre lina frå Sunndal til Fræna som blir bygd. Dette har likevel ingen innverknad på den grunnleggjande utfordringa i Møre og Romsdal: Forbruket er høgare enn produksjonen, og auken i forbruk er mykje raskare enn produksjonsauka. Samstundes er det overføringskapasiteten inn og ut av Midt-Noreg avgrensa. – Utbygginga frå Ørskog til Aukra ville ikkje vore til hjelp her, seier Haltbrekken. – Denne lina vil ikkje føre meir kraft inn i området, ho vil berre gi betre forsyningstryggleik Ormen Lange-anlegget. Dette blir stadfesta av Statnett i eit intervju med Sunnmørsposten 16. august.

Naturvernforbundet er også kritiske til at Bondevikregjeringa ikkje stilte krav om å få utreda konsekvensane for kraftsituasjonen i fylket før saka blei handsama av Stortinget. – Hydro burde vore pålagd å gjere greie for dei konsekvensane vi no ser kome med full tyngde, seier Haltbrekken. – Det at dei ikkje blei pålagd det er noko den førre regjeringa må ta ansvar for.

Lars Haltbrekken har telefon 91 61 21 91. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundets gjør for å redusere energibruk og klimaendringar

Brevet til Enoksen med krav om gransking