Gift på avvege

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Det går ikkje så lenge mellom kvar gong nokon står fram og fortel at dei ikkje kan kjenne nokon forskjell på økologisk mat og mat dyrka med kunstgjødsel og sprøytemiddel. Eg skal heller ikkje påstå så mykje om det. Men det er i alle fall nokre skilnader som er viktige for meg.

Länsstyrelsen i Skåne har det siste året gjort ein del undersøkingar av elver og bekkar i jordbrukslandskap i Skåne. Spørsmålet er om det finst restar av sprøytemiddel i vatnet. Svaret er klart ja. Spor etter sprøyterestar blei funne i 94% av prøvene. I ein tredel av prøvene låg innhaldet av sprøyterestar over grenseverdien. Kva slag stoff er det så ein finn restar av? Fem-på-topp-lista ser slik ut: Glyfosat 92%, AMPA 88 %, Bentazon 75%, Kloridazon 67%, MCPA 56% .

Frå Danmark får vi melding om at det blir påvist sprøytemiddelrestar i 53% av stikkprøvene av frukt og grønt. I noko over 2 % av prøvene ligg påviste mengde over grenseverdiane.

Grenseverdiane blir fastsett på så mange måtar. I utgangspunktet skal desse setjast på eit nivå så ein veit at dei som blir påverka av dei ikkje blir sjuke sjølv om dei tar godt for seg av varene i 100 år. Og det er ikkje berre vi menneske, men naturen skal heller ikkje påverkast, og då er tidsperioden uendeleg mykje lenger. Det finst ein del døme på stoff som ein trudde var greie, men som etter ein del år viste seg å gi heilt andre resultat. DDT er mellom dei. Truleg er det ingen som kan garantere at dei stoffa som er i bruk i dag ikkje har verknader og biverknader som gjer dei problematiske i framtida. Sjølv om stoffa er prøvd, dreier det seg framleis om ei slags tru.

Men det er grenseverdiar som blir justert opp, og årsaka ser ut til å vere at andre land har høgare verdiar og dei låge verdiane er handelshindrande. Om den høgare verdien er skadeleg for menneske og natur er moglegvis ikkje så avgjerande.

Mange sprøytemiddel har andre verknader viss dei kjem i vatn. På datablada for ulike preparat står det at dei er giftige for vasslevande organismar eller for vasslevande planter. Dei blir heller ikkje brote ned på same måten som i jord. Undersøkingane viser at sprøytemidla kjem seg til vatn anten ein vil det eller ikkje.

Ei anna nyhende den siste tida er om gift som kjem seg av sopputbrot i havredyrkinga. Problemet skal visstnok auke som følgje av at åkrane ikkje blir pløygde lenger for å unngå avrenning til vassdraga. Det siste nye i den saka er at ein no vil undersøke kvifor den same gifta ikkje er noko problem i økologisk dyrking. Det kan sjå ut til at dei som sprøyter mot sopp og anna får størst problem med farleg sopp.

Det er berre ein trygg måte for å unngå skadelege mengde sprøytemiddel i mat og natur. Økologisk mat har vi menneske levd med så lenge vi har vore til, og det kan vi halde fram med. Belastningene på naturmiljøet virkar også tryggare. Kan hende smakar den økologiske maten betre også. Det kjennast i alle fall betre ut når ein veit skilnaden.

Øystein Folden

leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal