Naturvernforbundet har undersøkt forureining i Ulsetelva i Tingvoll
Brev frå Naturvernforbundet i Tingvoll til Tingvoll kommune, Kristiansund kommune og Statens vegvesen.
Tidens Krav hadde eit oppslag om lagring av filtermasse ved vassbehandlingsanlegget for Kristiansund kommune. Naturvernforbundet gjennomførte ei synfaring etter dette oppslaget.
Konklusjonen er at det er rom for opprydding langs Ulsetelva, dette er nødvendig for å sikre levekåra for m.a. elvemuslingen.