Miljø og nye vegplanar

Naturvernforbundet har fått eit spørsmål om miljøkonsekvensane av fergefri kryssing av Halsafjorden.

Naturvernforbundet har den grunnhaldninga at det er ureinar som skal betale. Eller for å seie det i klartekst: Dei som vil ha ny veg skal også utgreie miljøverknadene, og dei må ta kostnaden knytt både til utgreiing og gjennomføring knytt til dettetemaet.

I eit utførleg svar konkluderer Naturvernforbundet med at svært mykje vil vere løyst viss ein med ulike tiltak endrer åtferda slik
at normalreisemåten blir med buss, og at ein legg om til batteridrift av ferjene. Det vil vere bra for naturmiljøet, klimaet og dei som kjem etter oss. Truleg bør fastbuande og hytteeigarar i Årsundområdet og ytre del av Halsa no melde seg som
medlemmer i Naturvernforbundet.