Raudt lys for fiskeriministeren?
Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.
Fiskeriminister Per Sandberg har innført trafikklyssystemet for oppdrettsnæringa. I dette opplegget må dei som får raudt lys redusere mengde fisk i sjøen, dei som får grønt lys kan auke mengde fisk i sjøen. Gult lys tyder ingen endring, det var det Møre og Romsdal fekk. Grønt lys krev at lakselussituasjonen er under full kontroll.
Trafikklyssystemet kan moglegvis vere ein god veg for oppdrettsindustrien. Men starten lover dårleg. Når ein får raudt lys, er det meininga at fiskemengda i sjøen skal reduserast for lettare å få kontroll over situasjonen. Fiskeriministeren seier at det er først i 2019, om det blir ny raudlysvurdering, at fiskemengda må reduserast. Omstilling nedover er sjølvsagt rekna som vanskelegare og meir tidkrevjande enn å putte meir fisk i mærene.
Ekspertgruppa samansett mellom anna av representantar frå Veterinærinstituttet, Havforskningsinstituttet og Norsk institutt for Naturforvaltning som leverer grunnlaget for fiskeriministeren sitt vedtak meinte situasjonen i Nord-Trøndelag tilsa gult lys der. Fiskeriministeren overprøvde det faglege rådet og gav grønt lys.
Nok ein gong ser fiskeriministeren det som viktigast å fylle lommebøkene til oppdrettseigarane framfor å ta miljøomsyn. Slik kan vi ikkje ha det.
Øystein Folden
Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal