Småkraft i Vanylven – Naturvernforbundet med kritisk fråsegn

Naturvernforbundet rår sterkt ifrå at Brandefjellet kraftverk får konsesjon og går mot planane om utbygging av Tennelva. Heller ikkje dei andre fire foreslåtte kraftutbyggingane slepp unna kritikk i fråsegna frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Norges vassdrags- og energidirektorat har i februar 2013 lagt ut fem småkraftsøknader i Vanylven på høyring, med felles frist 24. mai 2013. Naturvernforbundet er kritiske til at høyringsrunden blir gjennomført i ein periode då det er svært vanskeleg å gjere gode observasjonar av plantelivet i vassdraga. Naturvernforbundet har likevel samla den kunnskapen som finst tilgjengeleg i organisasjonen og gitt ei grundig fråsegn til planane.

Brandefjellet er slik Naturvernforbundet ser det, det dårlegaste av dei fem prosjekta, med Tennelva hakk i hel. Samstundes peiker Naturvernforbundet på to fellesutfordringar for alle småkraftutbyggingar:

1) Inngrepa knytt til vegbygging og anleggsarbeid kan vere meir skadelege for naturverdiane enn inngrepa i sjølve vass-strengen.

2) Det er på ingen måte gitt at den utbygginga som blir gjennomført er den same som utbyggar har søkt om, det er stor risiko for at utbyggar tek seg til rette på ein måte som gir tap av større naturverdiar enn løyvet og søknadsprosessen la til grunn.

Naturvernforbundet peiker elles på at det europeiske arbeidet med å sikre god økologisk kvalitet på alle vassressursar kan kome i konflikt med planane om utbygging av småkraft i Vanylven.