DISPENSASJON ETTER MOTORFERDSELSLOVA – SPØRSMÅL ETTER GRUNNGJEVINGA

Epost til Ørskog kommune.

Naturvernforbundet har mottatt eit brev om at at Fri Flyt AS har fått innvilga søknaden sin om helikopterlanding i Ørskog i 2008.   Sjølv om det ikkje går fram av brevet vi har fått, oppfattar vi det som eit einskildvedtak etter forvaltningslova. Det går heller ikkje fram av brevet at det er klagerett på slike vedtak, men den retten veit vi at vi har. Det er sannsynleg at vi kjem til å bruke klageretten vår.   Det normale er at grunngjevinga for eit vedtak skal følgje vedtaket, særleg når det er grunn til å tru at nokon som har klagerett kan kome til å ville klage.   Som kjent har lova om motorferdsel i utmark krav knytt til å gje dispensajson: «Når særlige grunner foreligger»   Den einaste grunnen vi kan sjå av dokumentet til å gje dispensasjon i denne saka er at Fri Flyt AS har søkt om løyve. Det at nokon har søkt om ein dispensasjon ser i alle fall ikkje Naturvernforbundet som ein særleg grunn. Vi går ut frå at grunngjevinga kan gje oss meir svar på spørsmålet.   Det går elles fram av vedtaket at søknaden er mottatt 30.10.2007. Vedtaket om løyve har skjedd 20.2.2008. Løyvet gjeld vel truleg omlag frå vedtakstidspunktet og ut april. Viss klagehandsaminga tar tar like lang tid, vil flyginga vere gjennomført innan klagen er avgjort.    Kommunen har i dette høvet brukt nærare 4 månader på å handsame søknaden, og har ved det brukt opp Naturvernforbundet sin rett til å få klaga avgjort før tiltaket blir sett i verk. Det er difor mykje mogleg at vi ber om oppsetjande verknad av klaga.     Det er fint om vi kan få det etterspurde dokumentet sendt til moreromsdal@naturvern.no   Med helsing   Øystein Folden Naturvernforbundet i Møre og Romsdal