Naturvernforbundet ber Norddal kommune verne meir skog og vassdrag
Norddal kommune har bede Naturvernforbundet om innspel til kommuneplanprosessen sin. Naturvernforbundet fokuserer i sin uttale på korleis Norddal kommune kan gjøre sitt for å sikre naturmangfaldet.
Naturvernforbundet ber Norddal kommune om å sikre naturverdiane i vassdraga i kommunen. Den omfattande utbygginga av småkraft i Møre og Romsdal har ført til at bekkekløfter og småfossar kan bli truga natur.
Dessutan ønskjer Naturvernforbundet at Norddal kommune arbeider med å sikre olivinfuruskogen i Onilsafeltet. Olivinfuruskog er truleg den sjeldnaste og sterkast truga vegetasjonstypen i Noreg og Europa.
Naturvernforbundet ber også kommunen arbeide for å sikre naturmangfaldet i eit unikt skogsområde mellom Lauvvikane og Linge.
For meir informasjon kan Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal kontaktast på telefon 91 81 25 42.
Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet
Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen
Uttalen frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal til Norddal kommune