Rovdyra sin plass i økosystemet

Innlegg av leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal på konferansen Rovviltforvaltning i Møre og Romsdal 29. – 30.11.2011, dag 2.

Når vi talar om rovdyr må vi ha ei grunnleggande forståing på plass før vi kan sjå på detaljane.

Fram til kring 1600 hadde vi truleg økosystem som var lite påverka av menneske. Dvs. at dyreartane og mengdene høvde til kvarandre i ein naturleg dynamikk. Etter den tid har vi menneske breia oss meir, og ein del balanser har blitt endra, nokre ganske mykje.

Dei grunnleggande elementa vi har er

  1. Alle artar har ei rolle i eit økosystem. Det er ofte slik at vi ikkje kjenner rolla, men det finst truleg ikkje eit einaste døme på at ein har funne ein totalt unyttig skapning når ein har undersøkt nærare.
  2. I dei fleste, kanskje alle økosystem finst det artar som er fåtallige og som et dei andre.
  3. Over tid vil eit økosystem ta skade viss artar blir fjerna eller blir endra i tal utanom den naturlege evolusjonen.

Naturvernforbundet legg til grunn at det i naturen i Møre og Romsdal tidlegare har vore førekomstar av alle dei fire store rovdyra. I tillegg kan i alle fall kongeørn og hubro nemnast. Når desse store er borte eller altfor få samanlikna med det som var naturleg, kan vi vente ein del endringar.

  1. Raudrev får fritt spelerom som rovdyr høgast på pyramiden. Raudreven tar t.d. lam og fugl og egg.
  2. Rådyra er komen inn som ny art austanfrå dei siste hundre år. Med naturleg bestand av rovdyr er det truleg at vi ikkje hadde hatt dei hos oss, eller i alle fall svært fåtallig.
  3. Hjort står også på rovdyra sin meny. Hjortestammen hadde vore ein god del mindre.
  4. Elg er også rovdyrmat. Denne arten som er komen inn frå Austnoreg i den seinare tida hadde vi truleg sett svært lite til.

I høgfjellet er det påvist ein samanheng mellom jerv og fjellrev. Jerven dreper meir enn han kan ete. Fjellreven går i spora og tar restane. Utan jerv som tar rein blir det svært dårlege kår for fjellreven.

I lauvskogen mange stader så er det no knapt eit tre av alm, osp, rogn eller selje med diameter mindre enn 15 cm. Det finst årsspirar. Det tyder at det tidlegare har vekse opp tre av desse artane, men dei siste 15-20 åra har dyr ete opp alt saman. Det er hjortedyr som er hardast på dette, og dei et også blåbærlyng. Nokre stader er blåbærlyngen såpass hardt beita at det truleg blir smalhans for skogsfuglen. Dessutan har skogeigaren store problem med furuforynging der elg og gjerne fleire av hjortedyra tar for seg av årsskot. Rådyra feiar horna på annakvar granlegg i plantefelta. Vi sit att med bjørk og or.

Ein skapning det har blitt mykje av er flått. Ein kan ha mistanke om at stor auke i hjortedyr og same auke i flått kan ha noko med kvarandre å gjere.

Viss samanhengen er slik vi seier så er det altså slik at om ein løyser problemet med at tamdyr blir oppetne av dei store rovdyra ved å fjerne dei sistnemnte, då påverkar vi truleg heile økosystemet frå flått til furutre og fjellrev. Det vil ikkje overraske oss om resten av artane også blir påverka av dette.

I mars  i år blei det felt ei gaupe i Surnadal. Det var ei gaupemor, og gaupefar og to gaupebarn blei igjen. 3 månader seinare oppsto det tap av 11 lam på inngjerda innmark. Ikkje veldig vanleg, og gaupe var årsaka. To gauper var observert og ei blei felt, ei gaupe som venteleg var eit av gaupebarna i familiegruppa nemnt ovafor. Vi vil setje fram ein påstand om at desse to gaupeungane ikkje var ferdig opplært av mora i jaktferdigheitane. Den mest avanserte jaktforma sto igjen av pensum då læraren blei borte. I periodar då det ikkje er sau på beite må desse dyra leve av noko, og rådyr er vel ofte ein del av kosten. Men når ein aldri har lært korleis rådyr skal fangast og dei har gått der i tre månader på lite mat, ja då er det vel det enklaste reknestykket å tenkje seg kva som skjer når lamma blir slept ut. Det kan tenkast at felling av gaupemor auka sauetapa i dette høvet – det hadde vore betre om desse gaupeungane fekk lære på skikkeleg vis korleis rådyr og raudrev kan fangast.

Det er Naturvernforbundet sin påstand at viss ein fjernar rovdyra frå eit område, då må ein sende heile resten av økosystemet til rovdyrland på service. Det er ein håplaus tanke, og difor må vi ha ein del rovdyr rundt om for vedlikehald av økosystema.

Det er heilt klart ein del problemstillingar vi då treng å snakke om når det gjeld tamdyr og utmarksbeite.