Helikopterflyging til skifilm – Trollheimen

Epost frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal til Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Eg ser av Tidens Krav i dag at det er søknad om skifilming igjen. Søknaden frå Visit Nordmøre & Romsdal og Fjord Norge oppfatter Naturvernforbundet som ei bøn om å bli sett på som lite berekraftig verksemd der naturverdiar forbrukast av nokre få.

Viss det blir gitt heilt eller delvis løyve, så vil Naturvernforbundet klage, og be om utsett iverksetting. Så då er det sikkert like greitt at verneområdestyret finn ut korleis dette med utsett iverksetting kan handsamast. Tidlegare ein gong tok det si tid før styret kunne handsame dette, så no kjem vi til å gå vidare opp i systemet om ikkje dette spørsmålet blir tatt stilling til i løpet av eit par dagar. Vi finn oss ikkje i at klagene blir handsama etter at fykinga er gjort denne gongen.

Eg har vore inne på sida med styredokument (http://www.nasjonalparkstyre.no/Trollheimen/Nyhende/Styret/Styredokument/Sakspapir–saksframlegg/2014/), men finn ikkje saksutgreiingane til dette møtet. Dei hadde det vore greitt å ha tilgang til no.

Med helsing

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Øystein Folden