Hyttebygging – Sollisetra

Epost til Ørskog kommune 11. september 2006.

Naturvernforbundet har fått opplysningar som seier oss at det kan vere tale om hyttebygging på Sollisetra i Vaksvika.

Etter våre opplysningar er det tale om å bygge 3-4 hytter i ei eng med førekomst av Solblom (Arnica montana).

Vi ber om opplysningar om denne saka, slik at vi kan få nærare greie på kva som skjer, og om det er gjort tiltak slik at verksemda ikkje fører til tap av biologisk mangfald.

Svar i form av epost er greitt for oss.

Med helsing

Øystein Folden

leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

6630 Tingvoll

tlf 918 12 542 / 71 53 33 31

epost: moreromsdal(a)naturvern.no

internett: www.naturvern.no/moreromsdal