Naturvernforbundet med helikopterklage i Stranda

Destinasjon Geirangerfjord Trollstigen har søkt Stranda kommune om bruk av helikopter i utmark. Hensikta er enda eit filmprosjekt.

Naturvernforbundet har klaga på denne typen saker før, med vekslande resultat frå kommune til kommune. Nokre kommunar har rydda kraftig i handsaminga av denne typen saker, andre kommunar bryr seg ikkje. Det pleier å resultere i ei fylkesmannsavgjerd ei tid etter at motorferdsla er gjennomført. Fylkesmannen konkluderer med at det ligg innafor kommunen sitt skjøn det som er gjort. Men at kommunen godt kan skjerpe inn ein del ting rundt søknadshandsaminga og vedtaket og i alle fall følgje sakshandsamingsreglane. Dessutan vil det også vere innafor skjønet om ein seier nei til ein del av søknadene. Fylkesmannen har og sagt at det hadde vore ein fordel om det kom saker der det var søkar som klaga, så ein fekk ei vurdering med det utgangspunktet.

Sjølv om utsiktene av klagehandsaminga tilseier at vedtaket ikkje blir omgjort, er det ei anna viktig side av dette. Når statistikken blir gjort opp og det står at det er komen ein søknad som er innvilga og ikkje påklaga kan vi stundom sjå «ikkje eingong Naturvernforbundet hadde innvendingar». Men det har vi, og einaste måten å få fram dette på er faktisk å få eit tal i klagestatistikken.

Denne gongen er det kome til i alle fall eit nytt moment: Kommunen har heilt gløymt å bruke naturmangfoldloven i denne saka.

Dei endringane Naturvernforbundet ønskjer ved klagehandsaminga:
– Saka blir vurdert i samsvar med naturmangfoldloven

– Viss det blir gitt løyve så skal det gjelde areal som alt har påverknad av støy frå før

– Aktuelle landingsplassar (og skikøyring) skal ikkje vere i konflikt med rovvilt

– Aktuelle landingsplassar skal ikkje påverke prioriterte urørtområde (INON) eller viktige friluftsområde

– Aktuelle landingsplassar skal ikkje ligge så nær kommunegrensa at areal i nabokommunar blir påverka om vedkomande kommune ikkje sjølv vurderer desse areala som aktuelle for slik verksemd

– Vinterferien, påskeferien og fredag-søndag skal vere unntatt frå perioden løyvet gjeld

– Aktuelle landingsplassar skal vere eintydig bestemt på kart eller ved koordinat

Vidare skal det skjerpast inn at søknader må ligge føre i såpass god tid at det også er råd til å gjennomføre klagehandsaming før tiltaket eventuelt blir gjennomført.

Vidare skal kommunen gjere ei enkel undersøking for å finne fram til område i kommunen som er ganske lett tilgjengeleg, fri for alminneleg trafikkstøy (ruteflytrafikken er det lite å gjere med) og der det ikkje er konflikt med rovvilt. Dette med tanke på at slike område i framtida skal passast godt på, jf. retningslinene om støy, som særleg verdifulle, stille område.

Elles er det som følgjer nedanfor skriven like mykje for Direktoratet for naturforvaltning og Miljøverndepartementet si skuld, som med fordel kan sjå på den delen av lovverket som denne typen saker gjeld, og så få rydda opp litt.

Moment i saka som vi vil seie noko om:

1. Naturmangfoldloven
Naturmangfoldloven som tok til å gjelde frå 1.7.2009 er ei av dei viktigaste endringane i lovverket dei siste par åra når det gjeld saker som har konsekvensar for areal med naturmiljø. Det er skuffande at Stranda kommune alt no har gløymt av å bruke denne loven.

Etter Naturvernforbundet si meining skal naturmangfoldloven leggast til grunn for denne sakshandsaminga. Det skal gå fram av vedtak som dette at naturmangfoldloven §§ 7-12 er vurdert og lagt til grunn. Vurderingar som er gjort skal følgje skriftleg. Manglar dette, er det ein vesentleg sakshandsamingsfeil som gjer at saka må handsamast på nytt.

I denne saka bør ein mellom anna gjere ei vurdering etter § 10. Denne typen søknader har det blitt såpass mange av etter kvart at stille og rolege høgalpine strøk blir påverka ein del. Det er mogleg at omfanget tar til å bli skadeleg. Vi ser denne typen søknader årleg i 5-10 kommunar i Møre og Romsdal, dvs. stort sett alle dei som har aktuell arealtype, og det kan vere fleire søkarar i same kommunen. Dette har gått føre seg sidan vinteren 2006, kanskje før. Vi registerer også at same type søknader finst i fleire andre fylke. Sumverknaden er difor eit moment.

Elles kan ein jo stille spørsmålet om eit så permanent «behov» gong etter gong skal løysast med dispensasjon. Det er også tid for at forskriftene til motorferdselsloven går laus på dette.

Fylkesmannen har vore inne på dette alt i 2007 (Avgjerd av 12.6.2007 vedkomande ei klagesak i Rauma kommune. Truleg finst formuleringa også i andre avgjerder dette året.), og etter den tid har det vore ytterlegare ein del søknader av denne typen.

§ 12 har eit punkt om lokalisering som nettopp i denne saka bør vere høgst aktuell. Der ligg det ein heimel til å «ordne» behov slik at dei blir dekt på mest mogleg optimal måte.

Ei vesentleg side av denne typen verksemd er at det skjer mest overalt og at ein del andre interesser ikkje kan planlegge særleg mykje av si ordinære verksemd fordi dei kan bli forstyrra kva tid som helst innanfor lange periodar (nesten 3 månader, og den mest attraktive tida også for andre).

Denne konflikten kan løysast viss ein legg helikopterbasert verksemd til utvalde fjellområde, og då gjerne slike område som alt er eksponert for støy frå trafikkårer o.l. og difor ikkje fullt ut brukande til noko anna likevel. Skikøyringa kan vel bli bra spektakulær likevel, og filmen treng ikkje ha med kraftmaster og vegar i bakgrunnen, akkurat som ein ordnar seg ved å passe på at helikopteret ikkje syner av biletmaterialet. Ved å planlegge på ein slik måte kan ein då seie ja til søknaden utan å skvise andre interesser.

Vi har fokusert på skadeverknadene for friluftslivet sidan det kanskje er lettast å sjå samanhengar der, men aude høgfjellsområde er heimen til nokre få fugleartar og dyreartar som nettopp er der fordi dei treng det. Hadde dei klart seg andre stader, hadde dei nok vald det, sidan det i utgangspunktet er lettare. Men dei treng nok rett og slett å få vere ganske uforstyrra over lengre tid. Det er viktig at det finst slike areal også i framtida, og det er slett ikkje viktig å auke turisttrafikken til slike stader ukritisk. For å vere heilt konkret om dette: Det er i alle fall rapportert om jervespor ikkje langt frå ein av lokalitetane no nyleg, og jerven er mellom dei som heller vil vere i fred enn å kunne velje eit område med andre gode eigenskapar. Det vil ikkje vere det minste rart om andre artar også reagerer slik, men dette veit vi relativt lite om. Når ein manglar kunnskap jf. naturmangfoldloven § 8, skal ein auke marginane, jf. § 9.

Påverkinga av vilkåra for friluftslivet vil også kunne få følgje for naturmangfaldet. Mange av dei som driv enkelt friluftsliv og helst går på stille stader har ofte også kunnskap om dyreliv og fugleliv i området. Det vil vere viktig for dei å halde unna spesielt verdifulle område. Når ein skal halde seg unna slike område og dessutan trivst dårleg i eit område der det kan bli reklamefilming kva tid som helst, så blir ein anten tvinga til å gi opp det enkle friluftslivet, eller ein tar i bruk område som ikkje burde ha vore bruka.

Kommunen har ikkje berre ein rett etter § 12 å sortere kva område som omsøkte verksemd gjer meir og mindre skade i, men etter Naturvernforbundet si meining også ei plikt til å gjere det. Det er ikkje sjølvsagt at søkar skal få lov til å gjennomføre alt som er omsøkt etter ei slik vurdering.

2. Kommunen sitt ansvar for det enkle friluftslivet
Stortinget har ved alle høve uttalt at det enkle og lite tilrettelagde friluftslivet er viktig og skal prioriterast. Dette gjeld også utanfor Stortinget, og ikkje minst i spektakulære høgfjellsområde. Eit ja til søknader om helikopterlandingsløyve vil samtidig vere nei til ein del av innhaldet i det enkle friluftslivet.

Naturvernforbundet sendte i 2007 ein «skitursøknad» der vi ba om å få løyve til å oppsøke stille område. 21.12.2007 fekk vi svar på denne søknaden frå Stranda kommune. Då sa jakommunen høgt og tydeleg nei. I ein annan kommune fekk vi til svar at noko slikt løyve kunne vi ikkje få fordi det ikkje er nokon heimel til det. Det er heilt rett observert. Denne kvaliteten kan ein berre ha ved å ikkje gi løyve etter motorferdsesloven. Difor er det viktig at ein ikkje gir løyve som gjeld store delar av ein kommune, over eit lengre tidsrom og i store delar av veka. Tidsrommeet er elles utvida i båe endane i dette vedtaket samanlikna med det som var i 2007.

Ved å kanalisere omsøkte helikopterverksemd til område som er støypåverka frå før, og gjerne med avgrensing slik at løyvet gjeld måndag til torsdag og ikkje i vinterferie og påske, så vil denne konflikten bli vesentleg mindre. I staden for å seie ja til helikoptersøknaden fullt og heilt og meir til og skvise andre interesse, er det ikkje meir enn rett og rimeleg at ein deler på dette når det er mogleg.

Med det omfanget desse helikopterfilmingssakene har fått har det oppstått ein skvis, jf. pkt. 1, som er svært uheldig. Viss helikopterverksemda legg beslag på store delar av kommunen sine aktuelle areal, blir det lite igjen til dei som vil drive enkelt friluftsliv på ein vettug måte.

Viss ein skal halde fram med denne typen filmverksemd bør faktisk aktuelle kommunar finne fram til dei areala som blir minst negativt påverka, t.d. fordi areala alt er påverka av andre støykjelder og aktivitet. Rett og slett sortere i område som blir halde av til viltet, det enkle friluftslivet og filmverksemd, kvar for seg. Det er vel noko liknande som har vore førande for
konsesjonsbestemmelsane knytt til landingsplasser med sporadisk bruk for helikopter.

Viss ein ikkje tar omsyn til dette og det enkle friluftslivet skugger unna områda der det kan bli filming, vil eit avgrensa løyve som gjeld 6 dagar få full verknad i heile perioden som går frå 10. februar til 1. mai. Leit er det også at dei som driv det enkle friluftslivet då fort vil kunne bli årsak til at rovfugl får mislukka hekking og vilt får manglande ro. Rekreasjonsutbytet blir ikkje det same om ein har dårleg samvit.

Momentet med reklameeffekt for å få folk til kommunen har vore lagt vekt på i alle åra desse søknadene har vore. Ein skulle no tru at reklamen har virka. Då skulle vi ha fått ei auke av byfolk og utlendingar som kjem til norske fjell for å bruke dei unike moglegheitene vi har. Andre har like bratte fjell som oss, men få har stille og spektakulære fjell på ein gong, det er det som ligg i unikt.

Det verste ei slik kundegruppe kan oppleve er at varen ikkje blir levert når dei er der. Går dei tur på desse stadene dei har sett i filmane og så blir forstyrra av eit helikopter som lager reklamefilm, då har dei grunn til å krevje pengane tilbake. Det ville ha blitt ei dårleg marknadsføringssak som hadde gått i avisene verda over. Men det er mogleg filmane ikkje har fått fleire til å bruke våre unike fjell?

I så fall kan det vere at reklamen sel fleire friluftsmagasin i staden, og då får gjerne ikkje kommunen så mykje ut av det.
3. Kommunen sitt ansvar for stille område Gjennom «Retningslinje for behandling av støy i arealplanlegging (T-1442)» er kommunane pliktig til å gjere vurderingar i samband med saker etter plan- og bygningsloven.

I kap. 3.5.2 står det om «Etablering av ny støyende virksomhet»

I større upåvirkede naturområder, som for eksempel nasjonalparker, naturområder i fjellet og kjerneområder i bymarker er all hørbar fremmed lyd i prinsippet uønsket.

Ved etablering av ny støyende virksomhet bør det synliggjøres i hvilken grad virksomheten vil berøre natur og friluftsområder støymessig:
–  hvor stor del av tiden/hvor ofte vil natur- og friluftsområder i de ulike kategoriene bli utsatt for støynivåer over de anbefalte grenseverdiene.
–  når den støyende virksomheten pågår

Kommunen bør vurdere støybelastningen ved ny virksomhet opp mot hvilken karakter de berørte områdene og bruken av disse har.

Når noko er «i prinsippet uønsket» forventer Naturvernforbundet at kommunen i alle fall gjer ein del vurderingar knytt til dette temaet, sjølv om altså desse retningslinene gjeld etter eit anna lovverk.

4. Kommunen sitt ansvar for påverking av areal i nabokommunar
Minst to av lokalitetane det er gitt løyve til å bruke ligg så nært kommunegrensa til Ørsta at det påverkar areal i nabokommunen. Ørsta kommune har vald ei anna line i denne typen saker, og skjermer mellom anna område kring Slogen fordi dei er viktige for friluftslivet (og reiselivet?). Når kommunane har ulik praksis og truleg ikkje snakkar særleg saman om dette, vil stille areal som ein kommune passer vel på faktisk bli øydelagd av kva den andre kommunen gjer.
Motorferdselloverket løyser denne utfordringa dårleg. Ein kunne tenkje seg at saka blei sendt på høyring til nabokommunen slik at ein kunne ta omsyn til slike føringar så godt det let seg gjere, men dette er truleg ofte ikkje nok. Det ligg elles føringar i fylkesplanverket med omsyn til prioriterte friluftsområde og urørtområde som også er eit moment. Slike moment er elles ikkje vurdert i det heile i søknadshandsaminga i denne saka.

5. Kommunen sitt ansvar for rovvilt
Det går fram i dette høvet at omsyn til vilt er vurdert. Men løyvet gjeld utilsikta i alle fall 2 lokalitetar meir enn det som kan vere handsama som eit minimum. Opplysningar vi har frå anna hald kan tyde på at dette temaet ikkje er fullt ut avklara. Sidan dette gjeld opplysningar som ikkje er offentlege og som heller ikkje vi har tilgang til, er det uråd å vere heilt konkret på dette i klaga, men vi kan konkretisere det munnleg på førespurnad.

6. Kvaliteten på søknad og sakshandsaming
Denne søknaden gjeld 11 fjelltoppar/fjellområde. Så langt vi kan sjå ligg det ikkje føre kartvedlegg med søknad eller vedtak. I alle fall 2 av stadnamna finst fleire stader innan Stranda kommune. Eit av namna finn ein truleg ikkje på kartverk som i GISlink.

Når vedtaket ikkje går nærare inn på dette er det vel truleg gjeve løyve knytt til minimum 13 stader på grunnlag av ein søknad om 11.

Om det ikkje kjem kart frå søkar, eventuelt liste der lokalitetane også har høgde eller koordinat, bør dette kome på plass i løpet av sakshandsaminga. Eit kart vil også gjere det enklare å sjå omfanget av søknaden og t.d. konsekvensar som kan nå inn i nabokommunar.

Når søknadene er mangelfulle så vil slike som oss ofte få ein stor meirjobb med dette for å gi ei seriøs fråsegn, eller ei klage. Vi får nok plager som følgje av desse sakene i alle fall, så det hadde vore bra med ei betring på dette punktet. I nokre høve er det heilt nødvendig for at vedtaka skal bli eintydige på vesentlege punkt.

7. Sakshandsamingstid
Søknaden er dagsett 20.12.2010. Saka er registrert 22.12.2010 hos Stranda kommune. Då blei det vel gjort heller lite før halvanna veke etterpå, som følgje av jul. Stranda kommune sitt vedtak er dagsett 24.1.2011. Omsøkte periode er 10.2.2011 – 1.5.2011.

Dette tilseier at ei eventuell klagehandsaming vil kome i den perioden søknaden gjeld, eller etterpå. Oppsettande verknad for klagen er ikkje vanleg. Det vil seie at søknaden og sakshandsaminga legg opp til at klageretten blir av teoretisk interesse, og med eventuelle føringar først for seinare år.

Denne søknadstypen har ein sett i ein del år. Manglande tid for full sakshandsaming og klage har vore kritisert av fylkesmannen ved fleire høve i klageavgjerdene i liknande saker.

Dei forskjellige søkarane i desse sakene har såpass kontakt med kvarandre at behovet for at søknaden må kome lenger tid i førevegen bør vere ganske godt kjent. Når det likevel ikkje blir slik, kan det sjå ut til at søkar ikkje ønskjer å søke så tidleg at klagehandsaminga kan fullførast før tiltaket eventuelt blir iverksett, og at kommunane godtek det. Ei slik stilltiande avtale mellom to aktørar for ein rett som ein tredje aktør har, det er ikkje greitt. Einskildpersonar som får eit behov dei ikkje visste om får passere, men meir profesjonelle aktørar må ein vente meir av. Søknader av denne typen som kjem såpass seint at ikkje heile saksgangen kan fullførast bør avvisast,og ein bør få på plass sterkare føringar for dette gjennom lov og forskrift.