Asfalt eller ferjer

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Det kom ikkje meir pengar til ferjedrift. Kva gjer ein då? Politikarane i Møre og Romsdal har til no sett på at det står igjen bilar på kaia når ferja går, og tenkt at då må ein få fleire ferjer. Men det løyser jo ikkje det eigentlege problemet.

Fleire attståande bilar på ferjekaia skuldast at fleire køyrer. Fleire hol i asfalten skuldast at fleire køyrer. Meir regn som gjer at asfalten smuldrar skuldast vel i grunnen at fleire køyrer det også.

Det er tid for å gjere noko med køyringa. Fyller ein opp ein buss i staden for 20 bilar, så blir det i alle fall betre plass på ferjene. Utsleppa som skaper eit klima som tærer hardare på vegane vil også minka om mange tar bussen. Vegslitasjen er det vel ikkje sikkert minkar like mykje, men det går vel ikkje i gale retning der heller.

Iver Nordseth, Møre og Romsdal sin samferdselspådrivar, innrømmer i Tidens Krav  at det er tatt pengar frå kollektivbudsjettet for å få til fleire ferjer. Få pengane tilbake til kollektivbudsjettet, slik at fleire folk kan ta bussen. Når bussen slepp ombord framom privatbilkøen, så kan det vel motivere nokre fleire til å ta bussen. Då blir det etter kvart færre bilar som står igjen. Fleire på bussen er løysinga både på ferjebehovet og på klimautfordringane. Det første er vel og bra, det siste er til og med grunnleggande viktig. Då kan det vel bli noko asfalt i dei verste hola, slik at i alle fall bussen kjem seg fram.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal