Naturvernforbundet spør om massetak ved Skaret friluftsområde
Naturvernforbundet har bedt om ei orientering frå Molde kommune vedkomande massetaket Samuelsen Maskin AS driv på Skaret.
Massetaket har utvida aktiviteten sin inn mot frilufts- og naturområdet på Skaret, og er eit stort landskapsmessig inngrep som kjem i konflikt med natur-, idretts- og friluftslivsinteressene i området. Massetaket grensar også inntil det statleg sikra friområdet.