Skogen, Bondelaget og Naturvernforbundet

Svar til uttale frå styret i Møre og Romsdal bondelag.

Møre og Romsdal Bondelag har i eit lesarbrev for nokre veker sidan ein invitasjon til samarbeid med Naturvernforbundet når det gjeld skog.

Naturvernforbundet har dei siste par åra arbeidd mykje med skog som tema og har også behov for å invitere Bondelaget til eit samarbeid. Kan hende blir vi lukkelege, men det er eit stykke veg å gå.

Naturvernforbundet sin representant i gruppa som arbeidde med strategiplan for skogbruket i Møre og Romsdal peika på behovet for ei tryggare sakshandsaming av skogsvegar. Situasjonen i dag er at skogeigar og skogbrukssjef ofte er dei einaste som har med slike saker å gjere. Andre brukarinteresser knytt til skog og utmark veit ingen ting før gravemaskina står der. Forslaget til Naturvernforbundet gjekk ut på at skogbruksmynde og dei andre interessene saman skulle planlegge skogsvegar i eit område. Så skulle ein oppsummere med dette som grunnlag korleis desse sakene kunne handsamast slik at andre interesser enn skogbruket kom til orde på ein god og trygg måte. Framlegget ser ein ingenting igjen av i strategiplana – truleg kasta ut med vaskevatnet. I staden ser vi i den andre meldinga – kystskogmeldinga – at skogbruket ønskjer at vegbygginga ikkje skal reknast å ha verknad på statusen som urørtområde til areal som ligg eit stykke frå tekniske inngrep. Når skogsvegar er så sentralt i framtidig skogsdrift og dei er så sentrale når det gjeld naturverdiar har vi klart noko å samarbeide om her. Forbetringsmoglegheitene når det gjeld samarbeid er her svært store.

Eit anna tema som både skogeigarar og Naturvernforbundet er opptatt av er vern av skog med stort biologisk mangfald. Det er sett opp eit mål at 4,6% av skogen skal vernast som eit minimum for å sikre at artar ikkje går tapt. Til no er det verna ca. 1,5 % i Møre og Romsdal. Sidan 2002 då ordninga med friviljug vern (skogeigarstyrt vern) kom er det verna mindre enn 500 dekar. Med dette tempoet vil målet vere nådd om ca. 10 000 år. Naturvernforbundet er ikkje fullt så tålmodige som skogeigarane, så vi ser i møte ei auke i tempoet på dette området. Gjennom prosjektet ”Unike skoger” har Naturvernforbundet funne fram til ein del skogområde i vårt fylke med store verneverdiar. Mykje av desse areala let seg ikkje drive i dag. Erstatningsordninga knytt til friviljug vern tilseier at det for skogbrukaren vil vere lønnsemd i eit vern. Det bør kunne vere eit grunnlag for samarbeid.

Når det gjeld skogplanting og binding av CO2 står det att ein god del utgreiingsarbeid for å finne ut kva som er sanning. Kystskogmeldinga som marknadsfører dette som viktigaste tiltak seier at dei ikkje har vurdert miljøverknadene av forslaga. Like fullt blir meldinga lagt til grunn som om klimaverknadene er fullt ut utgreidde og sanninga. Her står det igjen mykje arbeid. Som eit døme kan ein jo spørje litt om tilveksten i dag. Mykje av denne tilveksten skuldast at skogen var hogd mykje ned frå 1600-talet og til langt ut på 1900-talet. Når no skogen veks opp att kan det samanliknast med å betale gamal gjeld. Tilbakebetaling av gjeld skal ikkje førast som inntekt, ei heller i eit klimarekneskap.

Naturvernforbundet og Bondelaget kan nok ha behov for litt samarbeid når det gjeld skog.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal
Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen