Meir aktivitet i Trollheimen

Svar på spørsmål frå medlem om økonomisk utnytting av naturen i Trollheimen.

Det får bli litt meir generelt. Eg veit ikkje om så mykje anna enn det generelle i Rindal heller, bortsett frå snøscooterløypene som har vore på høyring. Forresten eit elendig opplegg der dei enkle friluftsinteressene ikkje blir tillagt særleg verdi. Stille område som ein kvalitet er det ikkje mange som har oppdaga, dessverre.

Ein kan sjå litt på kven som sit i verneområdestyret. Der er det ein ordførar eller varaordførar frå kvar kommune som ligg i verneområdet. Kva pleier dei å arbeide for? Viss det er eit lite ymt om ein arbeidsplass, så er denne gjengen for kva som helst. At natur er verdifull i seg sjølv er av dei tinga politikarar ikkje så lett forstår. Kan ein bruke (opp) natur for på den måten å tene pengar, så er natur verdifull for ein politikar. Elles er natur stort sett berre eit problem. Desse politikarane kan aldri bli samde om at ein kommune kan gjere eit tiltak, og at dei andre då må la vere. Dermed legg dei opp til at minst mogleg skal forvaltast i verneområdet, og at kommunane skal ha størst mogleg fullmakter. På den måten kan kvar av dei få armslag.

Med oppretting av verneområdestyret flytta ein makt frå Fylkesmannen til lokalpolitikarane. Det blir arbeidd med ytterlegare delegering av utmarksforvaltinga slik at det normale vil vere at det er kommunane som styrer med dette, anten dei kan eller ikkje. I mange kommunar har jo miljøvernleiar blitt redusert til ein funksjon som er tillagt ei anna stilling. På den måten er det fagkompetanse innan vatn og avlaup og skogbruk som ofte er basisen for desse oppgåvene. Vern kan lett bli utvatna, og det er ingen som står fagleg sterkt på naturvernet sin grunn.

Det er sjølvsagt veldig aktuelt å bygge hytter omtrent på vernegrensa, så kan ein reklamere med verneområdet som leikeplass.

Det er mange som vil køyre eit eller anna, og sanneleg får dei ofte lov også. Den nye metoden er å søke såpass seint at klager ikkje kan bli avgjort før køyrina finn stad. Så kan Miljødirektoratet eller Miljødepartementet gi slike som oss medhald i klagene, men det spelar inga rolle for køyringa er alt gjort.

Rovdyrforvaltinga er slik for tida at det skal vere millimeterforvalting, som fører til mykje motorferdsel det også.

Sykkelturisme er av det som truleg vil gi mykje slitasje framover. Når vatn finn eit sykkelspor, blir dette noko heilt anna enn ein del fotspor som har verknad som kulpar.

Dessutan er det ein form for allergi mot å skjøtte kulturmarksverdiar ved å halde fram med den typen skjøtsel som skapte det heile. Skjøtsel av slåtteeng blir fort eit spørsmål om å halde området ope, utan at dei som tenkjer slik forstår at det er noko heilt anna.

Turistforeiningane deler opp lange ruter i kortare og søker om fleire hytter. Viss trafikken aukar, så søkjer dei om å få klopplegge så myra ikkje går i oppløysing.

Når det gjeld Trollheimen er det stadig tiltak som tar ein liten snei av kaka. Til saman blir det store summar.

Både verneområde og anna natur har harde vilkår for tida. Kan hende bør vi talast noko meir om det.

Helsing

Øystein Folden

From: xxx

Sent: Monday, April 06, 2015 6:19 PM

To: Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Subject: mere aktivitet

Til Møre og Romsdal Naturvernforbund

Under et møte , arrangert av Rindal Næringsforum, ble det nevnt fra en representant fra Rindal kommune at det i fremtiden vil kommunene bli mere lempelige i forhold til å utnytte naturen økonomisk i Trollheimen. Hva er det Rindal kommune sikter til da? Er det kommet noen signaler fra et sted? Fra før er det snøskuter-kjøring arrangert av både  Røde Kors og SNO og i tillegg kommer det signaler om kommersielt utnyttelse av Trollheimen i form av aktivitetsfirma(selvsagt aller helst rettet mot landbrukets eiendommer), støttet av kommunene. Jeg mener at Trollheimen tåler ikke mye tilfeldig trafikk.

mvh xxx