Naturvernforbundet ber om plass i styringsgruppe

Brev til Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Regjeringens handlingsplan for miljø og samfunnsansvar i offentlige anskaffelser har som mål å auke bruken av miljøkrav i offentlege innkjøp. Som ein del av handlingsplanen blir det lagt opp til å etablere styringsgrupper rundt eit knutepunkt i kvart fylke.

Naturvernforbundet ser at det er etablert styringsgrupper i dei fleste fylka, og vi går ut frå at også Møre og Romsdal vil få ei slik gruppe. Naturvernforbundet i Møre og Romsdal ønskjer plass i styringsgruppa. Naturvernforbundet er ein allsidig organisasjon med synspunkt innan dei fleste miljøområder. Vi ser at innkjøp er ein viktig arena for å auke miljøfokus i offentlege og private verksemder. Her kan også Naturvernforbundet gi gode råd.

Brevet til Fylkesmannen i Møre og Romsdal