Parkeringsplassar og biologisk mangfold

Naturvernforbundet i Tingvoll har eit spørsmål til Tingvoll kommune i samband med tilrettelegging i eit friluftsområde.

I eit innspel til handlingsplan for friluftsliv for Tingvoll kommune fann Naturvernforbundet ei formulering:
“Brevikstranda. Har stort behov for tilrettelegging i form av parkeringsplasser. Per i dag er det nesten ikke skille mellom parkering og strandområde, noe som kan gjøre stranda utrygg.
Området er svært mye i bruk på finværsdager, og det blir uoversiktelig med mange biler nært solingsplassene.”

Naturvernforbundet i Tingvoll gjer i eit brev kommunen merksam på at det på dette området er påvist ein del biologisk mangfald som ein rimelegvis må ta omsyn til før ein bestemmer for mykje.