Regional transportplan for Midt-Noreg: Naturvernforbundet med fire krav

Hovudutfordringa for samferdselssektoren er å redusere «det økologiske fotavtrykket» sitt gjennom meir effektiv transport, nullutsleppsstrategiar og by- og tettstadsutvikling der sykkel- og kollektivtransport får førsteprioritet. Dette skriv Naturvernforbundet i Møre og Romsdal i fråsegna si til den regionale transportplanen for Midt-Noreg.

Den regionale transportplanen er tenkt som eit innspel frå fylkeskommunane i Midt-Noreg til Nasjonal transportplan (NTP) 2014 – 2023.

Naturvernforbundet gir i fråsegna tydelig uttrykk for at utviklinga vi har sett i Møre og Romsdal fylkeskommune dei siste åra har gått i feil retning. Det har blitt satsa store ressursar på å planleggje nye, og til dels lite berekraftige, vegprosjekt som ligg svært langt fram i tid. Samstundes har arbeidet med kollektivtransport i Møre og Romsdal fylkeskommune blitt meir eller mindre usynleg. Sidan Timeekspressen blei lansert i 2005 har Naturvernforbundet knapt registrert eit einaste initiativ for å styrke kollektivtransporten, snarare tvert om[1].

Dette har skjedd i ein periode der det på landsplan er aukande forståing for kollektivtransporten si rolle ei eit framtidsretta transportsystem, m.a. gjennom program som Framtidens byer. Forvaltningsrevisjonen som har blitt gjennomført i Møre og Romsdal fylkeskommune[2] har dessverre vist at det heller ikkje er slik at det andre viktige området i ein berekraftig samferdselspolitikk, gang og sykkel, har fått nemneverdig merksemd på våre kantar. Fylkespolitikarane er altså i ferd med å plassere Møre og Romsdal i bakevja i miljøpolitikken. Slik sett er det berre som forventa når vi også havnar i bakevja når det gjeld vegløyvingar.

Naturvernforbundet meiner det er symptomatisk for det svake miljøengasjementet fylkespolitikarane våre viser, når vi veit at eit samrøystes Vestlandsråd allereie i 2006 vedtok at dei skulle arbeide for å få til ein Timeekspress mellom Stavanger og Trondheim[3]. Samferdselsdepartementet har i heile perioden, i motsetning til kva fylkeskommunane no prøver å framstille det som, vore positivt til tiltaket, og stilt opp med planleggingsmidlar. Likevel var det ingen vilje til å fullføre planlegginga av dette prosjektet, mens fylkeskommunen har brukt millionar av kronar, langt meir enn det ville ha kosta å realisere og drive Timeekspress langs heile Vestlandet, på å planlegge fergeavløysingsprosjekt i den same perioden.

Naturvernforbundet ønskjer difor at den regionale transportplanen for Midt-Noreg slår fast dette:

1)      Samferdselssektoren står for ein betydeleg del av klimagassutsleppa, forureining og naturinngrep, både lokalt, regionalt og globalt. Hovudutfordringa for samferdselssektoren er å redusere «det økologiske fotavtrykket» sitt gjennom meir effektiv transport, nullutsleppsstrategiar og by- og tettstadsutvikling der sykkel- og kollektivtransport får førsteprioritet.

2)      Ein plan skal gi handling. Det er viktig å få realisert gjennomgåande kollektivtilbod for dei som bur og reiser i regionen no, som den planlagde ekspressbussruta på Vestlandet. Dette er viktigare enn fergeavløysingsprosjekt som kanskje kan realiserast om tretti til femti år.

3)      Høgfartstog bør kunne spele ei viktig rolle i utviklinga av Midt-Noreg. Då må høgfartstog på norsk vere tilpassa godstrafikk og trafikkstrømmane for gods i Noreg. Dette får konsekvensar for val av trasé mellom Midt-Noreg og Austlandet.

4)      Det er uakseptabelt å ta pengar frå kollektivtransport for å nytte til vegbygging, slik Møre og Romsdal fylkeskommune i mange høve legg opp til. Der ferge- og hurtigbåtsamband blir erstatta av vegprosjekt, må det samstundes kome ei styrking av kollektivtilbodet, ikkje ei rasering, slik vi har sett alt for mange høve på dei siste åra[4]. ___________________________________________________________________________

[1]«Kollektivtrafikken i Møre og Romsdal – Naturvernforbundet spør» – http://naturvernforbundet.no/moreogromsdal/samferdsel/kollektivtrafikken-i-moere-og-romsdal-naturvernforbundet-spoer-article26118-1705.html  – spørsmål frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal til Møre og Romsdal fylkeskommune 20. november 2011.

[2]KPMG: Gang- og sykkelvegar for alle. Forvaltningsrevisjon. Møre og Romsdal fylkeskommune, 2011.

[3]«Ekspressbuss-prosjekt i grøfta» – http://www.nationen.no/2011/07/12/nyheter/buss/samferdsel/kollektivtransport/transport/6754635/ – Nationen si nettavis 12. juli 2011.

[4]Sjå t.d. «Ingen veg utan buss – timeekspress til Ulstein og Hareid frå Eiksundsambandet opnar», brev til fylkesordføraren 10. juni 2007 – http://naturvernforbundet.no/moreogromsdal/samferdsel/timeekspressen-paa-soere-sunnmoere-article18768-1705.htmlog «Kollektiv ansvarsfråskriving?» – http://naturvernforbundet.no/moreogromsdal/samferdsel/kollektiv-ansvarsfraaskriving-article19087-1705.html