Skorpa og tilgjenge for folk flest

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Naturvernforbundet registrerer at arkitekten som vann arkitektkonkurransen for utbygging av Skorpa meiner utbygging av Skorpa vil gje betre tilgjenge til øya for folk flest.

Veg til Galdhøpiggen vil gje folk flest betre tilgjenge dit også. Det er ikkje dermed sagt at veg dit er ei god løysing.

Dei som treng å køyre til friluftsområda har mykje å velje i. Dei treng ikkje fleire. Dei som treng å køyre i friluftsområda har også ein god del å velje i.

Dei som bur i byen og treng romslege friluftsområde innan gangavstand, dei får stadig mindre område å velje i. Skorpa er ein slik plass der det er store og romslege område som er lettilgjengelege utan ytterlegare opparbeiding. Her er naturlandskap og kulturlandskap i fin blanding.

Blir Skorpa utbygd slik arkitektkonkurransen viser, vil halve Skorpa bli bygd ned. Men det er ikkje det same som at halvparten av friluftsverdien blir igjen. Kan hende er det 25% av friluftsverdien som blir igjen. Den lettest tilgjengelege delen går over til byggeområde og ein del areal blir ubrukande til friluftsliv sjølv om dei ikkje blir bygde ned. Det at attverande areal blir mykje mindre er i seg sjølv ein reduksjon i friluftsverdiane.

Skorpa har mange verdifulle kvalitetar:

– Meir enn halve byen når til Skorpa på mindre enn ein time til fots

– Klippfiskberga er lettilgjengelege og ein flott stad å gå for dei som har små bein som må gå mange steg. Folk med isjias treng område som Skorpa for å få rydda opp i nervar og musklar slik at dei ikkje blir rullestolbrukarar.

– Det er mykje strandline som er tilgjengeleg. Når ein ser kor mykje som er bygd langs fjorden rundt, er det sanneleg bra at det framleis finst slike område.

– Mange stader på øya ligg slik til at byen er ute av syne og lyden ein høyrer er av havet.

– Det er såpass liten plass til bilar på Skorpa at folk blir oppmoda til å gå. Det har vi godt av. Så ser vi at det framleis går an å gjere noko utan bil.

Ein by som ikkje kan ta seg råd til å ha slike areal til friluftsbruk er ein svært fattig by.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Øystein Folden har telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet til Naturvernforbundet