Naturvernforbundet i Vestnes

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Vestnes.

Mange saker? «Naturvernforbundet renn kommunen ned med saker». Så blei sagt på kommunestyremøtet sist veke frå administrasjonen si side. Så veit vi at det nystifta lokallaget i Naturvernforbundet er lagt merke til, i tillegg til at fylkeslaget følgjer opp litt. Rennet er ikkje så veldig stort til no. Den eine saka gjeld eit steinbrot under utvikling på Helset. Fanst det kommunalt løyve til tiltaket? Spørsmålet blei stilt 26.3.
All den tid kommunen ikkje har svara er det vel ikkje rart om det har vore eit par e-postar og nokre telefonar i høve saka. Framleis er det ikkje klart om det dreier seg om eit lovleg tiltak, eller om her blir skote først og spurd seinare.

Steinbrotsaka på Furneset er også ei sak som ber om reaksjonar frå Naturvernforbundet i Vestnes. Ei sak som naturleg nok må arbeidast med på breid front. Her må folk i grendelaga sjå til å engasjere seg, for der planlegg dei det største inngrepet i nære friluftsområde nokonsinne i Vestnes.1500 mål eller ein tredjedel av Åsfjellet sitt ytre areal skal dei lage masseuttak av. Lydforurensinga frå masseuttak og pukkverk er betydeleg. Elles er meir i vente. Nokre av vassdraga blir no saumfarte med omsyn til forureining og avfall. Det finst enorme mengde skrot, og dette blir no nærare registrert og kartfesta.

Om ikkje så lenge vil kommunen få ei rad saker som dei må ta stilling til som forureiningsmynde. Kan hende vil kommunen setje pris på det som blir gjort når det går ei tid, og når nokre meir ansvarsbevisste sakshandsamarar avløyser dei som ikkje tør å gjere noko. Det er nokre som er ridd av handlingsvegring på huset.

Bernt Gjelsten