Oppmoding om å køyre bil med kjetting

Brev til Tingvoll kommune 6. april 2010.

På Tingvoll.net 22. mars er det eit spørsmål om brøyting i Einlia. Naturvernforbundet har merka seg svaret. Der er det noko vi tykkjer er rart. Der står det at dei som skal ferdast plikter å sko bilen etter føret. Det virker for å seie det rett ut rart å legge kjetting på bilen når ein vil ut å gå på føtene. Ikkje hjelp det særleg mykje heller. Vi trudde det i miljøplana for Tingvoll sto noko om at ein vil legge til rette for at folk flest i størst mogleg grad skal gå og sykle.

Øystein Folden er leiar i Naturvernforbundet i Tingvoll og har telefon 91 81 25 42.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Brevet til Tingvoll kommune