Veganlegg og naturopplevingar

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Dei blir stadig fleire desse konstruksjonane som skal gjere vegar til naturopplevingar eller noko i den retninga. Kva er dette eigentleg for noko?

Atlanterhavsvegen til dømes ser ein ofte blir marknadsført som naturoppleving i høg klasse. Veganlegget i seg sjølv har sprengt vekk store mengder natur, og mykje av den naturen som ikkje er sprengt ned er tvert om fylt ned med sprengstein.  Når det så kjem ein skokk med turistar, finn ein det altså nødvendig å bruke tonnevis med stål for at dei ikkje skal gjere skade på naturen, eller kan hende var det skoa. Påskotet er at det er turistveg.

Langs Atlanterhavsvegen er det mykje mindre natur no enn for berre nokre få år sidan. Naturmessig er det tale om eit stort inngrep. Det som turistane opplever er ei mykje mindre oppleving av natur enn det var før, men dei kjem mykje tettare innpå den naturen som er igjen. Dei som kunne oppleve denne naturen fullt ut då han endå var natur, var eit fåtal samanlikna med no. Mange av dei levde i naturen og såg gjerne ikkje noko spesielt i det heller, det var jo slik det skulle vere.

Naturen er frå skapinga av å rekne for eit fullkome stykke arbeid som ikkje treng menneske til å gjere utbetringar. Det er å ha alt for store tankar om oss menneske viss naturen må forbetrast.  Lat oss få ha ein del av naturen utan tilrettelegging. Det er ikkje nødvendig at menneske skal setje spor etter seg over alt. Lat oss få nyte naturen slik han er, og ikkje berre «natur» skapt i menneske sitt bilete.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal