Spørsmål til NVE om kraftsystemutredningar i Midt-Noreg

Epost til NVE 17. mars 2006.

Eg har prøvd å orientere meg om energisituasjonen i Midt-Noreg, og ville då gjerne sjå på kraftsystemutredninga for Nord-Trøndelag. Eg rekna med at eg der ville finne prognoser for forventa forbruk. Via oversynet til NVE hamna eg på heimesida til NORD-TRØNDELAG ELEKTRISITETSVERK NETT AS. Der fann eg utgreiingane for kommunane i Nord-Trøndelag, men systemutgreiinga for fylket klarte eg ikkje å finne.

Det var ikkje lett å finne for Sør-Trøndelag heller, men søkerfunksjon leita opp inngangen for meg.

Eg har oppfatta det slik at desse utgreiingane skal vere offentlege (om enn i litt redusert form) og at dei skal ligge ute på nettet. Då tykkjer eg det er for dårleg at dei ikkje syner i hovudmenyen til fylkesansvarleg selskap. Kommuneutgreiingane ligg også gøymde hos fleire eg har vore inne på.

Etter det eg høyrer blir det halde møter der berre representanten for kraftselskapet og kommunen møter opp. Kanskje det vil hjelpe viss desse sakene er på hovudsida som viktig sak og ikkje bortgøymt?

Øystein Folden