Eit enkelt fuglespørsmål

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Etter det vi høyrer frå Albert Rokstad ser det ut til at forvaltninga av havørn har ført til at rypa og ærfuglen snart er borte på Smøla. Viss det var så at havørna må regulerast for at dei andre fugleartane skal overleve, er det noko som rett og slett er rart. Rypa, ærfuglen og havørna har venteleg vore på Smøla i mange tusen år, truleg mykje lengre enn det menneske har påverka dei i særleg grad. Det er sanneleg underleg at det gjekk godt med rypa og ærfuglen i den tida dei fekk rå seg sjølve utan menneske si hjelp.

Naturvernforbundet kan ikkje sjå anna forklaring på dette: Naturen har sin eigen balanse. Truleg er det ein sum av mykje av det vi menneske driv med som påverkar mellom anna kor mykje rype og ærfugl det er livsrom for på Smøla. Når vi ikkje skjønar denne heilskapen og roter det til med å påverke einskildfaktorar ganske mykje, då går det ofte gale. Vi ville ikkje ha godtatt det om ein bilmekanikar kasta bremsesylinderen fordi han ikkje skjøna seg på kva han var til godt for. Men når fiskeria gjer ende på fuglematen, vegar og jordbruk tar for seg, attgroinga held fram og industriverksemd av ymse slag boltrar seg, då spør vi sjeldan om korleis slikt påverkar heilskapen.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal