Trollheimen og rovdyr

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Det blir arbeidd for at Trollheimen skal prioriterast som beiteområde for bufe, på line med Rennebu og Oppdal. Det kan vere forståeleg at det finst eit slikt ønskje, men kan det gjennomførast?

Norsk rovvdyrforvaltning er basert på at det skal vere levedyktige bestandar av alle dei store rovdyra som har høyrt til i landet frå tidlegare. Levedyktig vil mellom anna seie at det ikkje vil oppstå langsiktige problem som følgje av innavl. Bønder veit meir enn dei fleste om avl, og det skal til ein del dyr for at dette skal gå bra. I naturen må ein dessutan ha litt meir slingringsmonn enn i husdyrbruket, sidan naturen verken bruker edb-program eller inseminør til å få til optimale tilhøve i små bestandar.

Det er eit geografisk faktum at Sør-Noreg og Nord-Noreg heng saman med kvarandre. Viss ein fjerner det meste av rovdyra i Rennebu, Oppdal og Surnadal kommunar, saman med tamreinkommunane austafor, så vil utvekslinga av dyr mellom nord og sør venteleg bli redusert. Det kan berre kompenserast ved at rovdyrstammane på nordsida og sørsida må vere større. Viss kravet frå Surnadal kommune om prioritert beiteområde skal gjennomførast vil det bety at mange kommunar både lenger sør og lenger nord må tåle fleire rovdyr for å ha levedyktige bestandar over lang tid. Totalt sett vil det truleg vere ei dårlegare løysing for norsk landbruk.

Det er mange spørsmål innan beitepolitikken som er uløyste, men prioritert beiteområde i Surnadal blir inga god totalløysing.

Øystein Folden

leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen