Vindøldalen, hytter, friluftsliv og naturverdiar

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Naturvernforbundet merkar at det skjer noko i Vindøldalen i Surnadal. Dette er tydelegvis eit område mange er glade i. Dessutan ligg det store verdiar i området, anten ein ser på området som viltområde, rekreasjonsområde, kulturprega område eller som næringsverksemd.

Viss vi tar utgangspunkt i område vi nyttar mest, dvs. bustadområda våre, kan vi sjå at vi på ein måte kan bu kvar som helst. Over tid vil dei næraste omgjevnadene bli kultiverte, same kva utgangspunktet er. Difor vil det stort sett vere feil å legge bustader i område med store naturkvalitetar. Men vi skal gjerne legge bustadene så nære naturkvalitetar at dei kan brukast utan å bli oppbrukte.

Slik må vi nok tenkje om hyttefelt også. Vi bør bygge på dei ”dårlegaste” områda slik at vi kan ha dei beste områda nokolunde urørt til bruk i fellesskap.

Rådmannen har vore inne på slike tankar når det gjeld dei aktuelle planane om fortetting av hytter i Vindøldalen. Her er andre problemstillingar også. Mellom klassikarane er at utbygging må spreiast rundt på alle eigedomane slik at det blir rettferdig. Viss ein eigedom kan selje tomter og ein annan berre har attraktive friluftsområde, så kan det virka uheldig. Slike problemstillingar må løysast med utbyggingsavtale som kan fordele inntektene, ikkje ved at alle skal få bygge på sine eigedomar, også der t.d. viltinteresser vil bli skadelidande.

Vegbygging er eit stort tema. Fleire og fleire av dei gamle ferdselstraseane blir opparbeidd til bilvegar. Nokre stader er det greitt, eller skadeverknaden er ikkje større enn at det må aksepterast. Men både helsa og haldninga til folk vil bli påverka av den stadig meir omfattande vegbygginga i utmark. Folk med isjias merker det særleg godt. Der det var helsebot tidlegare å gå på ein ujamn sti er det i dag jamn veg. Den gjer ikkje same nytta. Sidan vegen ofte er lagt der stien var før, kan ein ikkje velje mellom vegen og stien. Anten blir det vegen, eller så blir det i skog og ulendt mark utanfor. Slikt er leit.

Når vi køyrer mykje misser vi evna til å gå. Vi misser evna til bære i ryggsekk. Vi blir meir avhengig av å køyre. Når vi då ikkje reduserer ferdsel og transportbehov, blir det i staden meir køyring. Bruken av naturområda har andre verknader enn før. Vi gjer ofte meir av oss enn tidlegare og tar meir plass. Dette går utover rekreerande naboar og medskapningar i naturen.

Naturvernforbundet legg merke til at rådmannen klagar seg over at ein del omsøkte vegar alt er bygde. Det bør minnast om at kommunen er plan- og byggemynde og skal sjå til at dei som tar seg til rette får klar melding og må ordne opp etter seg. Ein kommune som er slapp på dette punktet blir løna med at folk tar seg til rette meir og meir. Det går utover alle. Slike saker er ubehagelege, men dei er kommunen sitt ansvar.

Kva Naturvernforbundet vil? Ta gjerne ein grundig runde no på kva slags utviklingstrekk det er ønskjeleg å stimulere. Kommunen har mykje styringskraft og treng t.d. ingen spesiell heimel for å sjå annleis på randsoner til landskapsvernområde enn på andre areal. Det som trengst er planarbeid som tar utgangspunktet i naturgrunnlaget og ikkje i einskildgrunneigarar sine behov for å fylle lommeboka. Det blir nok mykje verksemd i Surnadal i tida framover, også om naturgrunnlaget er rettleiande for utviklinga.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal Ja, dette er ein viktig sak! Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen