Naturvernforbundet vil ikkje godta bruk av gift i Hjertvika naturreservat

Naturvernforbundet reagerer sterkt på at Fylkesmannen i Møre og Romsdal vil gje løyve til å nytte gift for å kontrollere uønska artar i eit naturreservat.

Erik Brenna

I forvaltningsplanen for Hjertvika naturreservat på Aukra har Fylkesmannen gitt løyve til at sprøytegifta Roundup kan nyttast. Naturvernforbundet er kritisk til utstrakt bruk av gift generelt, og klår motstandar av at dette skal nyttast i naturreservat.

Naturvernforbundet har difor sendt klage til Direktoratet for naturforvaltning og bede dei om å gjere om vedtaket om forvaltningsplan.