Trekk forslaget Nørve!

Elisabeth Røbekk Nørve har tidlegare i vår levert eit «dokument 8-framlegg» om å endre ymse vernergrenser med tanke på at Storhaugen kan bli framtidig inntaksdam for Verma kraftverk. Eigentleg eit merkeleg forslag. Det blir ikkje sagt så mykje om kva Storhaugenalternativet går ut på, men relativt mykje av det er faktafeil og unøyaktigheiter. I Romsdals Budstikke 4. mai opplyser så Nørve at «Vi er blitt forledet av Rauma Energi» når det gjeld planane for Vermedalen. Då er det vel berre ein ting å gjere: Trekk forslaget! Det vil sjå meir enn underleg ut om eit slikt forslag som forslagsstillar seier bygger på feilinformasjon skal handsamast av Stortinget.

Naturvernforbundet har no sett Rauma Energi sin skrytefilm for Storhaugenalternativet. Det er ein god del som ikkje blir sagt i den filmen. Naturvernforbundet spurde Rauma Energi om å få ei lenke til den filmen slik at vi kunne sjå han tidleg i vinter. 1. desember 2009 fekk vi ei e-post melding tilbake om at filmen ikkje ligg som vedlegg til konsesjonssøknaden, og ingen lenke følgde. Truleg var det enklast for Rauma Energi at Naturvernforbundet ikkje fekk sjå filmen.

Naturvernforbundet ønskte ved same høve å orientere seg litt om isproblema knytt til noverande inntaksdam. På det området blei vi nærast avvist. Vi fekk i alle fall ikkje avtale om materiale eller samtale om saka. Derimot fekk vi oppmoding om å ligge på fjellet ein vinter for å sjå sjølv.

Det er interessant å sjå at ei heil rad politikarar både i kommunestyret, fylkestinget og på Stortinget har latt seg informere av Rauma Energi i denne saka. Rauma Energi har framstilt Storhaugenalternativet som miljøvennleg, men det er svært få politikarar som har kome på tanken om at denne miljøvurderinga bør ein kanskje spørje andre enn utbyggar om for å sjekke om det er riktig. Det finst både miljømynde og miljøorganisasjonar som ein lett kunne få svar hos.

Naturvernforbundet har spelt inn ei alternativ inntaksløysing på noverande plass som løysing. Rauma Energi har hatt løysinga til vurdering og har ei rad innvendingar. Men det er ikkje kome fram noko som fortel oss at det ikkje er mogleg å gjennomføre. Ein del av innvendingane høver betre på deira eiga løysing enn Naturvernforbundet si. Naturvernforbundet skal gå nærare gjennom desse spørsmåla, men venter på konsulentrapporten som ligg til grunn for søknaden frå Rauma Energi. Den har Rauma Energi no brukt fire veker på å sende oss.

Det er framleis ikkje for seint å rydde opp. Er det politikarar som vil la seg informere frå anna hald enn utbyggar, så står Naturvernforbundet til teneste.

Øystein Folden

leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen