Tid for val – plastinnpakka valhefte er også eit val

Spørsmål om plastinnpakka valhefte til kyrkjevalet.

Kyrkja har dette året sendt ut hefte om valet i to runder, ein førebels og ein endeleg. Dette som følgje av at det har vore hast med reformar som har klart å halde følgje med demokratiet berre ved hjelp av ei større miljøbelastning. Det er også eit val.

Endeleg utgåve av valheftet kom med plast rundt kvart einaste hefte. Det er heller ikkje noko innhald som kan drysse ut om det ikkje var plast rundt (innhaldet var i det heile ikkje slik at det kom fort og ukontrollert ut av heftet).

Det er oss komplett uforståeleg kvifor denne plasten er nødvendig. Har kyrkja vald ei ny line, eller kan ein vente at trykksakene i framtida kjem utan plast når dei ikkje drysser?

Brevet til kyrkjerådet