Naturvernforbundet tar opp manglande svar i mudringssak

Etter eit år har Fylkesmannen ikkje klart å svare Naturvernforbundet på ein klage på manglande innsyn i Kristiansund og Nordmøre Havn.

Epost til Fylkesmannen i Møre og Romsdal 26. februar 2010:

27.1.2009 sendte Naturvernforbundet ein e-post med overskrift «Klage – miljøinformasjonslova». Dette var ei purring på brev av 13.12.2008. Hovudtema gjeld at Hamnevesenet i Kristiansund nekter å utlevere dokument og gi opplysningar, og Kystverket har funne at Fylkesmannen er overordna mynde og følgjeleg klageinstans vedkomande miljøinformasjonslova sidan dette er offentleg verksemd.

Naturvernforbundet har no venta meir enn urimeleg lenge. Vi vil gjerne ha avgjort om vi har krav på å få dei etterspurde manglane ordna. Kjem Fylkesmannen til å svare oss, eller skal vi bringe saka vidare til Sivilombodsmannen eller noko anna som kan få fart på saka?

Med helsing

Øystein Folden, leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal